Viser innlegg med etiketten Slovenia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Slovenia. Vis alle innlegg

søndag 18. august 2019

Skofja Loka, Slovenia

På ein grå og regnfull dag,
tok vi turen til Skofja Loka, 
Slovenias nest eldste by.
 gjennom byen renn elva Sora
 den gamle bydelen består av trange smug,
trapper og brustein

bygatene var omtrent folketomme,
der vi vandra under kvar vår paraply
 vi går bakkane opp til slottet
 sånn midt i bakken ser vi ut over byen
 I Skofja Loka slott, er i dag Skofja Loka museum
her er det utstillt våpen, møbler, keramikk
frå fleire epoker
 ein del av keramikken kan minna om våre ting
 skomakerverksted
 nedturen frå slottet var like våt som oppturen
stiane var glatte av vatn og løv
 Eg ser nok det at det ville vore morro 
å vandre meir rundt i byen 
ein dag med bedre vær.
 det å kunne setje seg ned,
sjå på livet rundt seg osv..
 frå eit anna hus der vi var på besøk,
i den nye bydelen,
kunne vi sjå like til dei Slovenske alpane...
Slovenia er eit fint land,
og har mykje å by på.
Ein dag skal eg tilbake,
men då vil eg farte i ein annan del av landet.
God Søndag!

fredag 10. mai 2019

Piran, Slovenia 2

Båthavna i Piran
innerst i havna har dei lokale fiskarane
sin arbeidslass på land.
havna har plass til turister som kjem med store og små seglbåter
oppe i åsen ser ein bymuren
det lokale politet held til i/ved havna
frå moloen ser ein over til 
den del av gamlebyen som ligg utover odden
inne i den gamle bydelen
finns det utallige stier/brusteinsgater mellom husa
trapper over alt
somme stader nokså smalt mellom husa
slike små tunneller finns det og ein del av
eg trur nesten eg måtte hatt god tid,
om eg skulle fått oversikt over
 alle småvegane mellom husa..
eller kart og kompass...
ein fin plass,
frisk luft
reint
god mat
og ikkje minst ein stad der folk tek livet med ro.

tirsdag 7. mai 2019

Piran, Slovenias 3. eldste by

Eg har vore på reise i Slovenia. 
åleine og saman med Slovenske venner.
Dei første dagane brukte eg til å sjå meg om i Piran,
ta livet med ro
og bare gjera som eg ville.
Det vart fine dager,
luksus å bare tenk på meg sjølv.
Eg valgte først av alt,
å sjå byen ovanfrå.
Eg vandra opp til restane av den gamle bymuren,
som er bygd i det 10. århundre
muren har i dag 4 tårn,
som ein gå opp i
 Piran havn og Trieste på andre sida av bukta
Kyststripa til Slovenia er ganske kort,
plassert sørvest i Slovenia,
ved Adriaterhavet.
 her er trapp på trapp,
Etter mi meining er Slovenia
 landet med dei millioner trapper og brustein
 frå alle 4 tårna,ser ein ned over deler av byen,
 bymuren
 den eldste og mest kjente delen av byen,
 St.Georgs kyrkje 
barokk kyrkje bygd i åra 1592-1637
det er 133 trappetrinn opp til utsiktspunktet 
i klokketårnet.
Kyrkjeklokka er rett over oss,
når vi står høgt der oppe.
Klokka slo titt og ofte,
det vart mang eit hyl,
då klokkeringinga sette i gng over oss....
 havna gjennom vindu i tårnet
 mange hus tett i tett
 torget og havna
 byen er ikkje stor,
ein kan nok gå fort rundt byen på 1 times tid,
men då får ein ikkje med seg alt det fine byen har å by på.