onsdag 31. mai 2017

Onsdagstur nr 11 2017

Skodda heng lågt over Jæren
det yrer og vinden lagar litt sus i trea.
Dagens tur er Melsvatnet rundt.
Eg er litt spent, 
for det mange år sidan eg har gått her,
og eg tenkjer mest på om kroppen vil dette....
 kameraet får kome fram av og til
 linsa er full av dråper før eg har fått teke eit bilete
 i starten er eg åleine,
bortsett frå hr stokkand ute på steinen
og eit 100 tals svarte snegler på veien
 fredeleg å rusle slik 
og bare lytte til det som skjer rundt meg
 etterkvart møter eg ei våt sjel her og der,
både på to og fire
trass i at enkelte deler av kroppen
 jamra litt mot slutten av runden,
vart det ein fin og frisk tur.

søndag 28. mai 2017

Morgon i hagen

Det er ein av dei morgonane:
sol frå blå himmel
vindstille
doggvått gras
fuglekvitter
 ein kjenner på stillhet og ro
 ein fin start på dagen
 eg brukte kameraet flittig
 resten av biletserien kan du nyta utan mine kommentarer
Eg vil ynskja alle ein strålande dag

onsdag 24. mai 2017

Onsdagstur nr 10 2017

Det er onsdag og turdag...
Motivasjonen var heller dårleg,
men fordi eg har sett meg eit mål,
og skreve det ned her,
så kom eg meg ut
 kroppen klaga for kvart steg
 det gjekk tregt
 men det vart ein fin runde tilslutt...
 Det vart lite fotografering, 
eg gjekk mest å funderte over sakenes tilstand..
 kor eg er i dag - mot kva eg kunne før
 - eg tenkte dei som trur at rett mat og trening fikser alt....
på dei som innbiller seg dei veit alt...
 det er ikkje alltid så enkelt..
 - eg tenkte på dei som er negative,
 i staden for å vera glad på våre vegne, 
når vi mestrer noko,
- på dei som meiner at klarer ein det og det, 
kan ein og gå på arbeid....
- skal den som har sitt å strid med,
 ikkje kunne gjera det ein liker,
utan sære kommentarer frå den som trur ein veit alt...
- eg er glad for at det ikkje er slik for meg,
eg får mange positive tilbakemeldinger
frå mange hold.
- men eg føler med andre,
 som ikkje er like heldige som meg på det området...
- eg koser meg på mine turer i nærområda,
eg er i nuet og tek til meg av det som naturen byr på.
Eg har ikkje lenger nokon plan eller håp,
 om nå dei høgaste toppane,
på kortast mulig tid
(f.eks. Preikestolen som på bildet)
- det å halda kroppen i gang,
med trening i basseng,
gå korte eller lengre turar,
gjer det er liker og har lyst til,
ja, det er min kvardag og mitt arbeid nå.

Volvotreff i Røldal 2017

Ein lang og lenger enn lang fotoserie
frå årets Røldalstreff.
Ca 50 biler deltok i år.
Her er bilete frå samlingsplassen, 
turen til Odda
og Tyssedal på lørdagen.