lørdag 26. januar 2013

Vinter ved Nordbytjern, Jessheim

 Frosten bit godt om kinn
og sola er i ferd med å koma gjennom skylaget,
då eg går gjennom skogen i retning Norbytjern.
Snøen ligg så fint på trea, og det knitrer i snøen når eg går.
Du kan vera med meg på turen, via bileta eg har lagt inn under.....
 - ein frisk og god start på ei innehelg med organisasjonsarbeid...

fredag 25. januar 2013

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

Ølberg i Sola Kommune.
Her finn du ei lita strand
- herifrå kan du gå langs stranda, over haugen i nordre ende,
og eit lite stykke til, - då kjem du til Ræge og Sola strand.
- i søre enden av stranda ligg fleire naust
 - dei ligg mellom stranda og Ølberg kai
Her på Ølberg finns og ein liten campingplass, 
ein liten butikk, nokre bunkerser.
Rundtom finns knauser, holmer, skjær og små øyer.
- i den vesle havna finn ein nokre fiskebåtar
 - ein fin liten plass langs Jærkysten,
ein plass ein kan utforske året rundt.

fredag 18. januar 2013

Is på stranda....

På Jæren har det vore vinterleg og barfrost i fleire dagar.
- nede ved sjøen har sjøvatnet etter bølgjene, 
danna eit islag over store deler av stranda,
- sanden er hard å gå på.
- sjølv om sola skin og det er omtrent vindstille,
 - er det friskt og frosten bit i ansiktet
 - vi går først langs Nærland strand
- over tangjen
 - og videre til Refsnes strand
- ved elva som deler Refsnes stranda i to
 - snur vi og går tilbake same vegen
  - frisk og flott tur ein vinterdag i jaunar.

torsdag 17. januar 2013

Sol går ned....

Fleire dagar på rad har sola farga himmelen i solnedgangen.
Vi bur slik til at dette skue ser vi frå stova vår.
Her er solnedgangar frå dei tre siste dagane
 Variert og vakkert!

lørdag 12. januar 2013

Ein liten topptur

Sola skin frå blå himmel, det er vindstille og gradestokken viser - 4 grader C
- dagen må berre nytast...
- Turen går over i nabokommunen, Time.
I eine enden av Tjålandsvatnet, ved Aurenes, parkerar vi bilen.
Det vi ikkje har tenkt på, er at store deler av denne turen ligg på skyggesida....
 - vi går på grusveg eit stykke oppover i lia
 - deretter på traktorveg over bondens utmark
 - vidare oppover mot toppen
 - vi går forbi eit vindskeivt tre 
 - endeleg på toppen, i solskinnet.....
 - herifrå kan ein sjå utover deler av Jæren
 - Tjålandsvatnet
 - til sjøen
 - Det er flott på Jærens tak...
 - allting har ein ende, og vi må forlate "høyfjells sola"
og ta fatt på turen nedover att.
- det er med friske røde kinn og ny energi vi setter oss i bilen 
for å køyra heim att..
Årets første topptur er over,
eg håper på å nå fleire og høgare toppar i løpet av 2013.