Viser innlegg med etiketten Sandnes Kommune. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sandnes Kommune. Vis alle innlegg

mandag 24. juni 2019

St Hans, bål, Hå Trekkspillklubb og panoramautsikt

St Hans, Jonsok, Jønsok
årets midtsommardag var fin på mange måter
Været viste seg frå si beste side 
(kan ikkje huske siste det var så fint)
I lag med Hå Trekkspillklubb 
tok eg turen til Nodhagen, Bergsagel
 mørke skyer hang tunge på andre sida av fjorden,
Han fekk rett, den eldre karen 
som sa dei ville ikkje nå denne sida av fjorden, i dag...
 Nodhagen er eit område som Turistforeininga bruker,
her finns hus til utleie, badeplass og eit fint uteområde.
Turistforeninga, Vi over 60 og Speideren,
er saman om dette arrangementet.
Grillling, musikk, bål, og dans på brygga om du vil det.
 Hå Trekkspillklubb har spela her fleire gonger,
men eg var med for første gong i år.
Klubben har nærmere 30 medlemmer,
mange er på private arrangement i dag,
så kun nokre få er med.
Eg har vore med denne fine gjengen i 5-6 år,
først på trekkspill, så  trekkspill og kornett, 
nå er eg musikalsk leder og spiller kornett av og til.
 bål ved fjorden er fast her
 har aldri prøvd å leggje inn videosnutter her,
men håper dette går bra...
- litt musikk frå Hå Trekkspillklubb
som har funne beste plassen - med panoramautsikt
film 1
(trykk på film 1-4 for å få fram filmane)
.
 Kveldsola sende sine fargerike stråler
gjennom røyklagd himmel
Ein fin og innhaldsrik midtsommardag/kveld 

fredag 30. juni 2017

ferietid

Det er ferietid,
ein liten bestemorgutt er på besøk.
Uteliv og aktvitet er tilrettelagt for små føtter.
Hove Plantesalg
har ein liten park på sitt område.
her er fuglar og dyr,
akkurat passe stort nok
for eit liten guttekropp
 her er papgøyer,
kvite, gule, grønne og røde
 ender og svaner
 små hester
 ein liten ivrig gutt spring avgårde
frå plass til plass
 mamma gris rusler avgårde
ein av dei små kjem sprinande etter
 er tørst må vite
 snart er det liv og røre,
hyling og snøfting rundt mamma gris
 ender i mange farger
 kvit påfugl
 geit,geitebukk og kje (killinger)
 arbeidsgutten
"fiksing" av hjul
 og henger
 ein liten nysjerrig kar
 tur på stranda
 men bøtte, spade, gravemaskin og dumper
 ein må opp i høyden,
skal ein sjå seg om i verda...
enno har vi mange dagar saman,
det er nok å ta seg til,
både ute og inne...
bestemor og bestefar 
gler seg over kvar dag veslegutt
 er på desse kantar av landet.

lørdag 10. juni 2017

Rogaland Arboret

I dag vart det ein runde i Rogland Arboret.
 ein vakker symfoni med fuglesang
blanda med dufter frå syrin og hegg
blomar og strå i flott fargeprakt
 bekk som sildrer
 sol som varmer
 og glade rop frå leikande barn
 vanskelig å få fortalt alt med få ord,
kanskje aller best å oppleve sjølv..
her er stiar på kryss og tvers,
ein kan gå langt eller kort
i bakker eller tilnærma flatt.
Det kan til tider vera nokså folksomt,
men på ein lørdag føremiddag 
var det god plass både på stiar og parkeringsplass.