mandag 29. juli 2013

Kveld i Sele havn

Det går mot kveld,
 då eg gjer eit stopp i Sele havn.
Ein kar fiskar frå moloen med stang,
elles er det fred og ro, som rår over havna.

- ytterst på moloen 
ser eg over til Feistein fyr som ligg omlag 2 km ut frå land
- her ligg fleire båter på rekke
 - dei ligg på vent, på ny ordre,
- det kan vera å få ny last ved kai eller i nordsjøen
eller beskjed om å reise til eit anna land
 - grå himmel og grått hav
- godværet som har halde seg over Jæren i ein lang periode,
har trekt seg ut i havet ein stad...
- prestkrager vaier så flott i vinden 
 - havna med dei mange flotte fargerike nausta
- herifrå kan ein dra ut til Feistein fyr,
ein tur som står høgt på mi liste over plasser eg vil besøke....

torsdag 25. juli 2013

Tidleg morgon på Sola strand

Dette er eit kort stopp ved Sola strand,
eg går opp på sanddynene,
står nesten på same plassen,
 og tek til meg av den roen og freden som er. 
 - vindstille, stille sjø, ingen biler på vegen eller fly i lufta, ja nesten ingen lyder å høyra...
( Sola flyplass ligg ved Sola strand)
 - månen er på veg ned
 - ein båt og to i horisonten - dei er for langt borte til at eg høyrer lyden av dei...
 - ein ny fin sommardag er på vei.... 
Ein feriegjest som skulle med eit tidleg fly, 
var grunnen til eg var Sola akkurat i rett tid,
 til å få oppleva akkurat dette vakre øyeblikket....

søndag 21. juli 2013

Tur til Månafossen og Mån

Innerst i Frafjord, ved Eikeskog 
finn ein parkeringsplassen ein går frå, når ein skal til Månafossen og Mån.

Skodda er i ferd med å forsvinna heilt, når vi er klar til å ta fatt på turen.
 Det går oppover frå første steg
 - stien opp til Månafossen er delvis bratt og ulent.
På dei brattaste plassane er det sett opp trapper,
og kjettingat til å halda seg i.
 Månafossen stor og mektig, med sine 92 meter i fritt fall.
Fossen er verna og er ein av Rogalands største turistattraksjonar.
 - enkelte er litt dristigare enne andre.....
 - på veien vidare innover mot Mån,
ser vi fossen her og der inni mellom  trærne.
 - i Fidjadalen ligg enno nokre skoddeskyer nedover fjellsida
 - innerst i juvet, er det ein ny fin utkikksplass ned mot fossen
- frå Månafossen til Mån varierar landskapet frå fjell, til stein og skog 
 - Fidjadalen, stille og vakker mellom høge fjell
Litt historie:
På den frodige grassletta rundt hovedbygningen 
finnes det en rekke lett synlige rester etter fjellgarden Mån
 som var i drift fram til 1915. Små rydningsrøyser, 
7-8 åkerlapper med reiner og 2 rektangulære hustufter
 som er mellom 20 og 30 meter lange, er synlige i kulturlandskapet
Mån var den første gården som ble ryddet i Fidjadalen – trolig allerede i tidlig middelalder. Sikker kjennskap til stedet får vi først i 1571, da kongen la ”Gaarden Moenn” til Stavanger Presteboll som beneficieret Gods. Først i 1850 kom garden i privat eie, 
da oppsitter Peder Eriksen kjøpte den for 300 Spd. 
I 1854 ble Mån delt i to bruk. Våningshuset som Jæren friluftsråd restaurerer er den eneste bygningen som står igjen. De andre byggingene ser vi bare tuftene av.
 - innover Fidjadalen
herifrå kan ein gå fleire timar innover i fjellet....
 - vi åt nistepakken heilt nede i elvekanten.
- med sol frå blå himmel og ingen vind,
vart det ein laaaaang matpause.
 - sola varmer no godt innimellom trea 
 - sola har nådd fossen 
 - ser du godt etter kan du sjå regnbuens farger i dråpehavet
 - vakker og mektig
 - nedover trapper og berg
 - snart er vi nede ved ein overfyllt parkeingsplass
- dette er ein fin tur, oppstigninga vil kanskje vera ei utfordring for nokre,
men tek ein tida til hjelp så vil nok dei aller fleste klara turen.
Eg har vore her mange gonger og sett mang slags fottøy i bruk:
høghæla sko, tresko, strandsko, lakksko osv
så mitt råd er: bruk sko som er beregna på slikt terreng,
for å best mogleg tur opppover liane....

fredag 19. juli 2013

På tur langs Kongeveien

Kongeveien er ein 10 km lang tursti langs havet,
frå Kvassheim til Hå Gamle Prestegard, i Hå kommune.
Ein kan gå deler av stien, kort eller langt,
og det er mogleg å parkere bilen i nærheten fleire plasser undervegs.
Eg starta ved Obrestad havn og gjekk sørover til Reime.
Stien går oppe langs kanten av denne høgda.
 - stien går i utkanten av bondens mark og eng,
ofte beiter dyra langs stien
 - vi må over fleire gjerdeklyvarar
 - dyra er vandt med folk,
og som regel berre ser dei litt på deg og beitar vidare
 - eg ser opp mot gardsbruka på Reime
 - dagens mål er dette gamle naustet på Reime
 - her vandrer eg litt rundt og leitar etter motiv
 - før eg starta på returen
 - merker no at det vert litt kjøligare,
skodda er på veg inn frå havet
 - frå blomst til blomst
 - Obrestad 
- eg er snart tilbake til utgangspunktet
 - langt der nede sit skarven på sin stein
- denne turen er ikkje så lang,
for meg er det ein passeleg lang luftetur,
- kanskje ei kveldstund etter ein travel dag.