Då vart det med eitt haustaleg på Jæren
med pøsregn og kuling,
og det freistar ikkje akkurat
til å ta ut på lange turar i naturen.
.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEi8_1yANXAZ6IvnVLax0xQJtJNkoMbKNvyYmOEP0IdewbpMJEmf4GwO97EqEND-Ins5ipIDcB9j21hLYJ7s8H6FhSyWIKrl343hGNMa1ssca6e5JzYiQiBVVB0LyP_rcvZOugRpizRGadE/s400/_MG_5637+a.JPG)
Då er det godt å ha ein "plan b"
for å få treningane gjennomført på andre måtar
.
- treningane i varmt basseng er starta opp att
og eg har mulighet til å vera med på 4 økter - på 3 dagar pr veke
noko som eg er med på så sant eg kan.
.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhlKgD67LrPHD0ppQ0ZdiYhO2rIHfpkRytfFDMUhy-V2e-STXSj12NMRGXT8_bWNXMA58KOOzId-UgKZtYBk7H6nDIvNyBT3s-4skda6tEtl6jD-duIL4Wi9c7MNmsRS1-47MmzXXnEfAU/s400/_MG_5606+a.JPG)
- eg deltek på ei økt pr veke, med styrketrening inne i hall
- og med kjellaren her heime full av apparat
er det ingen unnskyldning - det er bare å stå på.
.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhcOpnlxP0ZhSgTfBNLbTOL-hiwQkveeffiqbZlpb9zREbIehWg-IyW7q1WcAtyFOzHHIO4oK6LbWn4sVMqKH_aXKIJxuO8YRGadnLMXIcHUpPfFoBCcwcEeaJB0gRBzMrj12CbfR3TD5U/s400/_MG_5616+a.JPG)
I desse dagar er det 4 år sidan eg starta frå botnen
kroppen var sliten og tom for energi
og eg starta med ei økt i bassenget pr veke.
.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhLbeYsOgwmN8HZmV97fT1V_G6jRWIJqOjttkHDduEv1I3W4yp6apjRL2iynH9U2guEGVuTPkdFgbBq2tclkTan-I1zaHrWFbxRIdSGBGHNOlQJtpPh0O28p-XyHk-cwitdITRQyaOozZI/s400/_MG_5731+a.JPG)
Når eg ser tilbake
er det nesten utruleg kva eg har fått til
på desse åra.
Frå å slita meg gjennom ei økt
til å kosa meg over kvar treningstime og tur.
Kropp og sjel har endra seg mykje på denne tida.
.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgUl9DcQw14voKHnOkbOFoPpUm1gjxXcHJF22KpGStGAeGPFMO00JzSiz6OrKz_jBJmhvSW167-IiDRexsVr8qbvGf21HpuZb7R8iZZAuPxxW-aRwFdtIBPIv86lHx3uFiwwRfhLuuUwcI/s400/_MG_5662+a.JPG)
For mange er kilo og cm ein stor motivasjonsfaktor for trening.
For meg er det viktigare med dei små framstega,
i form av helse, uthaldenhet, nå nye turmål osv
- rett og slett klara ting eg ikkje klarte før...
.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiDcwshOopsGtpo907LpCs_MgWTgdL4f3Ri379tNS2G6BqCYGL4ptqj-crnKN7HQNLtk26WyNvLLlFGG-469QOhyphenhyphen74_aboj2v21g7zLkx6Qb_vVVfz37dlIfAgViNfuejCc-iIYsI7Wb58/s400/_MG_5718+a.JPG)
Denne bloggen starta som motivasjon for meg sjølv
- å koma meg ut i naturen,
fortelja andre kva treningsøkter eg hadde gjort i løpet av dagen
ta bilete og visa dei fram her
- når eg no ser tilbake så er visst bloggen blitt meir
om turar ein kan gå og anna i naturen.......
.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgsNO1UXiOu-G7lr4GMjYevhUT8kdlEHOI5XDN4BajoZ8oIqAAH_uONeO8bfZnR_x7EMcNzjWrg5z2AEG1yqohsIy0GmPIWiD2vzilgZc58zTZ_VXr3FpFtE4kC638ULyY9wIQZJojk4Dk/s400/_MG_5686+a.JPG)
Det viktigaste målet for meg desse åra
har vore:
"Eg skal ikkje gjera meir enn det er klarar å halda ut med over lang tid."
.
Er eg trøytt og sliten ein dag - så er det heilt okei å la vera å trena.
På den måten har eg ikkje hatt dårleg samvittighet for det eg ikkje har fått gjort,
eg har heller ikkje mista lysta til å stå.
.
Eg vil ynskja alle ein fin dag, med eller utan treningsaktiviteter.