Viser innlegg med etiketten blomar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blomar. Vis alle innlegg

torsdag 18. august 2022

Hå gamle Prestegard-Jonsahuset

Det har blitt mang ein sykkeltur i sommar,
og lite fotografering.
I dag tok eg beina fatt,
med kamera på magen
og sekk på ryggen.
Eg starta frå gamle prestegard,
som er ein populær plass for store og små.
her er utstillinger,
litt å eta, kaffi og is for den som ynskjer det.
Eit populært utgangspunkt for turer,
både mot sør og nord.
bakanfor huset finns ein liten hage
med urter og blomar av fleire slag



her står enno kornet
det er nok like for det vert hausta her og
eg vandrer ned mot Håelva
langs steingard og åker
eit sea king helikopter
drog tidlegare sørover,
men må ha snudd...
nå heng det over båten.
båten er i fart og helikopteret følger med på veien
For den som ser godt,
så er ei korg på vei ned mot båten
eg sysler med mitt
og prøver å fotografere litt
sjølv om lyset er litt flatt..


ennå lyser blomane mot meg,
men det er nok ikkje lenge før at dei må gje etter
 for regn, og vind og haustlege dager
rett framfor føtene mine,
vart eg var ein liten hoppande kar
spor i kornåker

fargeglade stoler 
og ein pynta sykkel
ved Jonsahuset.
Turen ender ikkje her,
men det var lite med fotograferinga på resten av tida.
Ha ein fin dag,
der du er.
 

tirsdag 5. juli 2022

Langs gjengrodd sti

Eg vandrer på gjengrodd sti,
heima på eigne tufter.
Ein sti som tidlegare vart brukt til
 å jage dyra på sommarbeitet.
Det er nå fleire år sidan stien var i bruk,
så blomar, kratt, busker og tre,
veks vilt og har nå laga stien omtrent uframkomeleg
på begge sider av geilen/stien
finns det beitemark og dyrka jorder


her er markblomar av fleire slag


bjørnbærbusker gror villig 







det var ein gong ein sti...

stien/geilen ender like ved den gamle kyrkjegarden på Bø
Det er spesielt å få vandre på slike plasser,
i dag er det bruktkunstgjødsel,
 på store deler av mark og jord,
det gjer at desse vekstane blir borte.
Å kjenne lukt av blomane
og sjå blomar og strå som vaier i vinden,
 - gode barndomsminner strøymer på.

mandag 7. september 2020

Langs lysløypa, Eiby, Alta

Eiby er plassen vi oppheld oss
Rett utanfor døra,
går ei lysløype,
som er i bruk både sommar og vinter.

 
Eg rusler åleine, kjenner på fred og ro, lytter til fuglar og bekkesildring
her er blomar og bær, mange småkryp som surrer rundt meg

resten av bileta kan du nyte, utan mine ord,
                                               drøm deg bort, og lytt til roen og freden















Ha ein fin dag, der du er.