søndag 29. september 2019

Knudaheio - Arne Garborgs rike

I dag vart det ein rusle/fototur i garborg sitt rike.
Her kjem ein ein litt opp og ser utover Jæren
Undheim
 skrivastova til han Arne, 
ligg fint til mellom berg og stein
 eg "fann" nokre fine skyer i dag og
 turen vart kortare enn tenkt,
stien var så blaut og sorpete,
- eg snudde fort, og rusla ned att til bilen.
Tenkjer eg tek turen igjen,
når det er frost, eller har vore tørt ei stund.
eit fint område å rusle i...

Skyer i solnedgangen

Det som såg ut tl å bli ein fin og fargerik solnedgang,
vart litt mindre fargerik i vest,
men fine flotte skyer vart farga rosa i aust.
store skyer i aust, sør og nord,
 kjem sigandee utover mot sjøen
 i vest kjem kveldsfargane til syne,
men kun for ei kort stund
 for meg ser det ut som om skyene danner eit ansikt
 snart er ansiktet borte,
og skyene blir mørkare
 i aust vert rosafargen sterkare og sterkare
 det var eit fantastisk skue,
og eg klarte nesten ikkje sleppa taket....
 for meg ser det som om det er ei lilje 
som ligg der og farger jærhimmelen
naturens eigen kunst

lørdag 28. september 2019

Ølberg havn

Ølberg havn og strand
er ein populær plass,
for mange jærbuar.
 her er det råd å få kjøpt seg ein middag,
eller bare litt å drikke.
softisen er viden kjent...
her er og campingplass
 denne gongen vart det middag på damene,
og ein liten rusletur rundt i havna
ein fin liten plass som eg liker veldig godt

torsdag 26. september 2019

Sol går ned...

Dei siste kveldane har skodda kome inn frå havet,
rett før solnedgangen.
Eg var litt usikker på korleis det vart,
når eg starta heimanfrå.
Ein tur på stranda gjer godt uansett vær,
og etter dager inne utan tur,
så bare måtte eg ut og få frisk luft.
 Etter kvart kom kveldsfargane fram
 eg var nesten åleine på stranda denne kvelden,
men plutseleg dukka det opp ein person rett framfor kameraet...
.
Når eg er ute så er eg ofte i nuet,
eg ser på ting rund meg,
og er oppteken med mitt.
 Det vart ei fin stund
 til lyden av bølger som slår mot land,
går sola ned i havet
mørkret omkranser landskapet
og stillheten senker seg

søndag 22. september 2019

Heimturen frå Lillehammer går over Hardangervidda

Dette blir det siste lange innlegget om turen til Lillehammer.
Returen går over Hardangervidda.
Været er stort sett skya,
men og innslag av blå himmel og regndråper
 Vi er to biler i lag
 kaffipause må til..
 over Golsfjellet vert skyene mørkare 
nokre regndråper kom i mot oss
 her er så mykje fint å sjå,
aller helst ville denne fotografen stoppa opp og fotografert...
vel, vi hadde nok ikkje nådd målet for dagen,
om det vart så mange stopp.
 eg fotograferer ein del gjennom bilruta
 bilane trong drivstoff,
og det gjaldt visst fleire.
Her på Geilo,
møtte vi tilfeldigvis på 3 andre volvoer..
desse har og vore i Lillehammer.
Volvoar og volvofolket er kjenninger,
frå mange volvotreff i Røldal.
 med eitt er vi 5 volvoar på turen over vidda
 store snøflekker og is på vatna,
vinteren har ikkje heilt sleppt taket her
 eg kan ikkje sjå meg mett på dette lanskapet..
kameraet er stadig i bruk
 På Halne Fjellstove 1140 moh
har vi ein pause og et middag saman.
 vi ruller vidare
 mot første store rasteplass,
der blir det kaffi i det fri
ein siste samling før volvane snart dreg kvar sin veg
 eit panser blir opna, og diskusjonen er i gang
 det var ein kald rast, så den vart kort
 etter mange mil,
nærmar vi oss småbygdene i Hardanger
 siste natta var vi på Ullensvang hotel
 her er det flott både inne og ute..
ein opplevelsesrik tur, på så mange måter