søndag 26. februar 2017

Fototur på Kjervall

Når vi kjem fram til Kjervall,
skin sola frå klar blå himmel.
det er nesten vindstille
fuglane kvitrer
bekken sildrer
her er islagde vatn
 denne gongen har eg med ei fotovennine
 det er ei gleda å kunna vise fram denne fine plassen
 sjølv om vi ikkje er eigarar av plassen
føler eg meg heime her 
og får lov å bruke plassen som eg vil
 det er ikkje langt frå Egersund 
men her er stille
det ikkje så mange som finn veien hit
 ein kan gå langt i fleire retningar,
men vi fotografane treng ikkje alltid så store område
 her er mange motiv,
sjølv for meg som har vore her utallige gonger
 vi vandrer rundt
 kamera klikker i eitt
 kaffipause på tunet
 før vi vandrer vidare
 ved vatn
 i skogen
 naturens eigen kunst
 tilbake til tunet mellom fjellknauser og vatn
vi valgte absolutt den beste dagen
for ein tur til Kjervall,
det regna dagen før og dagen etter....

fredag 24. februar 2017

I solrenninga

i det sola kjem opp bak åsen
 får himmelen i vest fine farger
 skyene blir snart meir grå
og snøen laver ned
- i allefall i nokre minutt...
 litt seinare på føremiddagen
 etter fleire snøbyger
å kanskje har vi meir snø i vente..

torsdag 23. februar 2017

Heima på Bø

Det er ein stille morgon
ingen vind,
fuglane kvitrer og syng
det er vår i lufta
  eg vandrer langs sti og vei
 -heima på eigne tufter
 -is på vatn 
 - ein del fjorårets avling ligg fortsatt i åkeren
det vart for blautt til å få opp alt i haust
 fantasien er med på turen
ser du dyret med hoggtenner, støttenner og horn?
  ein vissen fargeklatt..
 Nærbø, heimbygda mi
sett frå høgaste punktet av mine tufter
 eg vandrer langs steingarder 
og nakne tre som snart skal bera nye skudd
ein fin runde på eigne tufter..

lørdag 18. februar 2017

Håelva og Voien ein vinterdag

Sola er på vei ned i havet,
då eg vandrer langs elv og sjø
- elva er delvis islagd
 -sola har begynt å breia sine gylne kveldsfarger  
over landskapet
 is i Voien
vinterfarga åker
 - Håtangen i låg kveldsol
 - eg gjorde og eit kort stopp i Obrestad havn
 - solnedgang over havna
stilheten senker seg....