søndag 30. juni 2019

På tur med turgruppa

Turgruppa har lenge hatt fast tur ved Frøylandsvatnet.
For å gjera ein vri på det,
 så tok vi turen til Hå gml Prestegard,
og gjekk ein runde der.
Ein velkjent plass for meg,
men ny for fleire av dei andre.
 Vi går over mark og eng
stein og sand
grusveg og strand
 ganske så variert underlag
 turgruppa er eit lavterskeltilbud,
og vi er  alle på forskjellige nivå.
Det viktigaste er at ingen skal gå åleine.
Det er ingen faste avtaler. 
Ein møter opp når ein kan og har lyst 
til å bli med gjengen på tur.
Kor mange som er med,
 varierer frå gong til gong.
 kaffipausen og praten er like viktig som turen,
og vi gjer eit stopp på Håtangen
 ein liten tur opp i fyrlykta, 
spennande/utfordring for den som ikkje har vore her før.
 Håtangen er ein liten arm ut i havet,
idyllisk i fint vær og fasinerande i all slags vær.
ein plass er liker meg året rundt
Det vert nok fleire turar her, med eller utan turgruppa.
God søndag.

lørdag 29. juni 2019

Leik med stein, sand og vatn

Turen går i dag til Sanden, Eigerøy
Landskapet her er ikkje som heime, på flate Jæren.
Vi er i Dalane regionen, der det er mest berg, stein og fjell
 bestemorgutten stortrives
han driv med "fjellklatring"
 og når toppen..
 lastebilen er med til vanns og
 sanden er mjuk og lett leike i
 nok ein gong må lastebilen vaskast...
han treng berre eit lite område i den store sankassen..
God lørdag, og nyt dagen der du er.

mandag 24. juni 2019

St Hans, bål, Hå Trekkspillklubb og panoramautsikt

St Hans, Jonsok, Jønsok
årets midtsommardag var fin på mange måter
Været viste seg frå si beste side 
(kan ikkje huske siste det var så fint)
I lag med Hå Trekkspillklubb 
tok eg turen til Nodhagen, Bergsagel
 mørke skyer hang tunge på andre sida av fjorden,
Han fekk rett, den eldre karen 
som sa dei ville ikkje nå denne sida av fjorden, i dag...
 Nodhagen er eit område som Turistforeininga bruker,
her finns hus til utleie, badeplass og eit fint uteområde.
Turistforeninga, Vi over 60 og Speideren,
er saman om dette arrangementet.
Grillling, musikk, bål, og dans på brygga om du vil det.
 Hå Trekkspillklubb har spela her fleire gonger,
men eg var med for første gong i år.
Klubben har nærmere 30 medlemmer,
mange er på private arrangement i dag,
så kun nokre få er med.
Eg har vore med denne fine gjengen i 5-6 år,
først på trekkspill, så  trekkspill og kornett, 
nå er eg musikalsk leder og spiller kornett av og til.
 bål ved fjorden er fast her
 har aldri prøvd å leggje inn videosnutter her,
men håper dette går bra...
- litt musikk frå Hå Trekkspillklubb
som har funne beste plassen - med panoramautsikt
film 1
(trykk på film 1-4 for å få fram filmane)
.
 Kveldsola sende sine fargerike stråler
gjennom røyklagd himmel
Ein fin og innhaldsrik midtsommardag/kveld 

lørdag 15. juni 2019

Tungenes - sånn rett før regnet kom

Sola skein så flott og fin,
når vi tok avgårde mot Tungenes...
Som sist så kom skyene, 
mørke og fulle av regn,
 i det vi var klar til å gå frå bilen...
Det vart ein rask tur
 litt fotografering undervegs
panorama har eg nettop "lært" meg å bruke,
- det blir ofte ganske kule/stilige bilder..
 skyene var stort sett blå,
i mange variasjoner
me klarte det akkurat før regnet kom....