lørdag 30. mars 2013

På vandring langs jærkysten, Hå Gamle prestegard - Skeie flystripe

Turen starta der eg stoppa for to dagar sidan,
ved Hå Gamle Prestegard, Hå kommune.
Vi går gjennom tunet på prestegarden og forbi det gamle Jærhuset
 - vidare på stien mot Håelva og Jonsahuset
 - ein må over hengebrua for å kome seg over på andre sida av elva
 - her ser ein elva som renn stille 
  - og møter havet ved Håtangen
 - vi går langs dei mange steingardane på Nærland
 - snart er det slutt på steingardar, mark og eng,
 Nærland strand ligg framfor oss
- i strandkanten ser vi to fuglar som vi ikkje har sett før,
- vi veit heller ikkje navnet på dei...
 - bølgjene slår flott mot land
- vi har kome til enden av Nærland strand,
og går over tangen som ligg mellom Nærland og Refsnes
 - når vi rundar neset ser vi ut over Refsnes strand
 - sjøen grev seg innover i sanden
- vi må over Salteåna som deler Refsnes strand i to
 - stranda er nesten heilt rein og fri for rusk og rask i dag
- berre litt tang og tare i enden av standa
 - vi er no såvidt komne over i Klepp kommune,
i enden av Skeie flystripe
 - her stoppar turen for i dag,
men eg skal fortsetja nordover ein annan dag....

fredag 29. mars 2013

Dalsnuten, Sandnes Kommune

Det er nok ein flott og solrik dag på Jæren,
og eg set kursen mot Sandnes og Dalsnuten.
Det same gjorde "halve Jæren"og,  både på to og fire...
Parkeringsplassen var omtrent fyllt opp,
og vi gjekk i kø deler av turen...
- vi går forbi Gramstad vatnet
- flott med dei nakne trea mot den blå himmelen...
 - vi går bortover på gras eller sti
 - "to i lag"
 "mor og dotter"
- før vi tek fatt på stigninga opp mot toppen
 - her er folk over alt
 - nesten på toppen ser vi ned att, mot Revholstjørn
 - mot Gramstad
- Gandsfjorden og Sandnes
 - på toppen ser ein vidt utover
her nordvest mot Stavanger og Bokn
 - etter ein rast på toppen, tek vi fatt på nedturen
 - forbi Revholstjørn
 - og endå eit av dei flotte nakne trea
- før vi er tilbake til utgangspunktet....
-ein fin tur som passer for store og små,
litt tungt i siste oppstigning, men elles ein lett topptur.

torsdag 28. mars 2013

Langs Kongeveien

I dag startar turen frå Grødalandstunet, i Hå Kommune, 
som er ein del av Jærmuseet.
Her er det aktivitet i sommarhalvåret.
Sola varmer, det er eit lite vinddrag i lufta, og nokre plussgrader.
Eg trur dette må vera fyrste vårdagen på Jæren.
 - traktorvegen fører meg ned til sjøen,
eg har tenkt meg nordover langs Kongeveien.
 - sjøen er heilt stille - ikkje ein lyd av bølgjer som slår mot land
- eg går lang steinrike marker
- landskapet ber preg av ein lang vinter med mykje frost
 - eg går forbi nausta på Sør Reime og Reime
 - skarven sitter på "sine" steinar
 - eg er like fasinert over dette gamle naustet, kvar gong eg kjem hit
- det har jammen klart seg ein vinter til....
 - her og der ligg det enno litt snø
 - eg er snart på turen høgaste punkt,
 snart ser eg ned mot Obrestad havn
 - jorda er altfor frosen til at bøndene kan begynna på våronna.
Det er uvanleg sein vår på Jæren i år.
- vakkert å sjå utover det blikkstille havet
 - Obrestad havn
 - når eg rundar neste nes, ser eg mot Obrestad fyr
 - deretter mot Hå gamle prestegard
 "Hå gamle" som vi seier lokalt, er vel verdt eit besøk.
Her er utstillingar av forskjellige kunstnarar. 
- ein kan kjøpe seg kaffi med noko godt attåt, 
 sitja inne eller ute og sjå utover havet
 - eg går litt lenger, så langt at eg ser ned til Håtangen/Voien,
før eg går tilbake til "Hå gamle" for å venta på sjåføren min.
Det vart mange bilete i dag, men det var vanskeleg å velgja ut nokre få.
Det var ein fantastisk tur, tenk å få oppleva eit så blikkstille hav, 
høyra/sjå skarv, viper, tjeld, lerke, ender, måker,
kjenna sola varma
 på ein slik flott vårdag.