fredag 31. desember 2021

Godt Nytt År!


 Eg vil ynskja alle
Eit Godt Nytt År!

lørdag 11. desember 2021

Skyer og lys på Nærland strand

Endeleg, ein dag utan sterk og iskald vind.
Eg rusler langs sjøen,
lytter til bølgjer som slår mot land,
ser på skyer og vinterlys
som endrer seg heile tida
i utgangspunktet ser det nokså grått ut
men ser ein etter,
så skin det i andre farger
både i lufta og på sand og sjø

fint å bare vera i nuet
og ta til seg av det som naturen byr på



dei er ivrige desse med brett,
dei bryr seg visst lite om kjøl og vind..


det ser ut som solnedgang,
men er midt på dagen.
God helg!

torsdag 2. desember 2021

Luftetur i skiftende lys og vær

Etter mange innedager,
måtte eg bare ut å få litt frisk luft i dag.
Eg rusler ein tur på Hå,
med Hå gamle Prestegard som utgangspunkt.
Det er mørkt i lufta,
sjølv det finns blå himmel somme plasser
sola er i ferd med å gøyme seg bak skyene
snart er det blå himmel,
og sola sender sine stråler over landskapet
før nye skygger sig sakte over himmelen
i nord danner det seg mørke skyer

fine og store skyer i nord
mange fugler og ender fyk opp frå vatnet
både her og der
isen har begynt å leggja seg på stein og vatn

skyene i nord blir stadig mørkare



rett før snøen kom
det vart etter kvart større snøfiller
og dårlig sikt


friskt, men likevel ein fin luftetur