søndag 31. oktober 2021

Langs min veg

Sykkelen har vore god å ha heile sommaren,
og den har blitt nokre lange og mange korte turar rundt omkring.
Eg nådde mine mål km og mil,
og no får nok sykkelen kvile det meste av tida,
fram til vår og varmare dager igjen er her her.
Det er lenge sidan eg gått tur på denne måten,
og det var godt å kjenna sand og grus under føtene igjen.
Eg rusler langs steingard, sti og vei,
over mark og strand.
store og små skyer 
i mange farger og fasonger
seiler over himmelen
sola kikker framom mellom skyene



Selvåg 


om bare steingarden kunne fortelja...
grøda er i hus
mot Nærland strand




"strandslange" eller sykkelhjul

mange hadde funne veien til strand og sjø i dag,
litt friskt i vinden, 
ein fin dag for tur og andre aktiviteter på stranda

søndag 17. oktober 2021

Tur til stranda, med fokus på havaristen

Det er ein fin haustdag på Jæren,
vindstille, sol og god temperatur.

Vi tek turen til stranda,
går vi i retning av havaristen

båten kom i nød utanfor Obrestad
ein stormfull dag siste veka.
to mann som var  vart berga opp i eit helikopter
etter det har vind og bølgjer
teke båten med seg nesten inn på stranda
på Nærland,
her er langgrunnt og sandbotn
tørr sand på stranda
så det kan bli vanskelig å berge båten
utan å stje seg fast i sand
både på land og frå sjøen
Det er mange som tek turen til Nærland,
nysjerrige på den havarerte båten



vi tek ein runde i sanddynene
ei nype lyser rød og fin
blant gulna blad og visna gras
ein fin tur
i sol som varmer,
og ein god drøs med andre som var ute i same ærend

mandag 4. oktober 2021

Haust i Rabaliå

Langt der inne i skogen ein stad,
ligg hytta i Rabaliå.
Det er mulig å køyre heilt fram,
men då må ein vera venn med eigaren,
og få låne nøkkel til bommen,
nokre kilometer lenger ute..
Dette området har og turstier,
til fleire turmål.
vi er invitert med av venner,
for dagstur og lunsj.
sola har kikka framom,
men i korte øyeblikk,
grå himmel, yr og regn
preger dagen,
det er likevel fint ute,
og mange fine haustfarger og sjå
medan det blir tent på i peisen inne,
rusler eg rundtom på utsida
fargane er mange
eikenøtter låg det over alt

yr går over i regn
og fargane vert litt blasse


hytta i Rabaliå ligg tett på turstien,
men likevel litt for seg sjølv
tre nøtter til askepott
eikeløv

Ei fin stund i Rabaliå
Ein god drøs rundt peisbålet inne,
når regnet vart for vått på utsida.
Takk for at vi fekk bli med.