onsdag 31. oktober 2018

Langs ein veg....

Det å rusle litt rundt åleine,
kun saman med min venn Hr. Canon,
gjer at ein ser og oppdager heilt andre ting,
enn om vi er mange i lag.
 Det er snart slutt på sesongen i Portugal og,
men enno finns det fargerike blomar å sjå
 dette er del av det eg fann på min rusletur
langs vei og sti
Ha ein fin dag der du er.

søndag 28. oktober 2018

Solskinnsdag på Hå/Håtangjen

Sol som varmer
rim på bakken
vindstille
ein fin vinterlig dag på Jæren
 "alle" hadde tenkt same tanken som meg,
og funne veien til Hå
 her var små og store over alt,
-mange vandra langs elv og sjø,
-andre hadde  rast i solveggen
barn leika i sand og på stein
 blåfargar så fine
 Håelva renn stille mot havet
måtte hausten bringe mange slike fine dagar...

Ved utsiktspunktet, Praia da Rocha

Ein liten spasertur nedanfor hotellet,
finn ein strand, sjø, klipper og grotter.
på ein av "fjellknausane" er det eit utsiktspunkt,
der ein ser store deler av strendene her i Portimao
 her og der er det trapper opp frå stranda
 det går mot slutten av sesongen,
så ikkje akkurat overbefolka på stranda
 ei lite strand, mellom klippene
 mot moloen og innløpet til havna
 fotografert over fleire dagar
i forskjellig ly
 klipper, strand og grotter 
finns det mykje av langs heile Algarvekysten
fint å oppleva nye plasser....

lørdag 27. oktober 2018

Morgonsola har mange farger...

Eg har vore i Portimao, Portugal nokre dagar.
- leiligheten hadde balkong mot aust,
og eg fekk oppleve mang ein vakker og fargerik soloppgang.
 Det er tidleg morgon,
det er doggvått,
- det stille rundt meg,
bortsett frå ein flott fuglekonsert
- frisk duft og god frå ukjent plante,
frisker mine luktesanser..
- det var fin og god start på dagane..
Ha ein dag der du er.