Viser innlegg med etiketten onsdag = turdag 2017. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten onsdag = turdag 2017. Vis alle innlegg

onsdag 21. juni 2017

onsdagstur nr 13 = sykkeltur

Dagens aktivitet vart det ein god runde med sykkelen,
først på vei med små bakker
 - eller tilnærma flat vei
 så går det oppover og oppover,
sakte men sikkert
 nokre dryge bakker,
men med god hjelp av motoren,
så gjekk det sånn nokolunde greitt
 eit par korte fotostopp er bra på så mange måter..
pusten får roa seg litt
før eg er legg ut på neste stykke oppover veien
 herifrå ser ein langt innover mot fjella
 bare ein liten dryg bakke igjen før eg er på toppen
 ein liten stopp på toppen
herifrå er det småbakker eit stykke,
før det nesten bare er å suse nedover og nedover
- omtrent heim..
- eg syns sjølv eg har begynt å få dreis på syklinga,
vingler litt, men alt blir bedre med øving og atter øving...
Ha ein fin kveld

onsdag 14. juni 2017

Onsdagtur nr 12 2017

Sola strand - Ølberg havn,
ein tur eg lenge har tenkt å gå.
I dag passa det med sjåfør,
som bringer bilen frå start til målområdet.
Stille morgon på Sola strand,
bortsett frå all helikoptertrafikken...
Sola er av og på,
god temperatur og nesten vindstille.
Nokre få sjeler har morgontrimmen på stranda,
elles rolig
 ein eller annan kunstner har laga eit fint bilete,
på ein av bunkersane på stranda
 ved bekken lyser det blått i blått
 - eg går vidare over Ræge strand
 det gamle naustet viser godt igjen i morgonsola
 landskapet endrer seg
 i dette området finns det mange rester frå krigens dager
 første topp er passert,
det går nedover mot eng og bondens åker
 sand er nå erstatta med stein og berg
 morgonstell på steinen
 eg vandrer vidare langs steingard
 vel, dette er og ein slags sti....
 tilbake der eg kom ifrå
 kanonstilling på høgaste toppen
 Ølberg langt der borte..
 fjellet er "lagvis" og har fine formasjoner
 strandnelliken ser eg over alt
 stien går her ein plass...
 Ølberg strand og havn i sikte
turen var meir krevande 
enn eg hadde sett for meg på førehand.
Det er eit fint landskap, 
rik blomsterflora,
mange fugler og ender som kvitra og sang,
- men eg har no vore der,
og det blir nok med det.... trur eg..
Er du glad i litt klatring,
myrer og gjørme,
balangsering på stein og fjell,
så kan det henda dette er turen for deg..

onsdag 31. mai 2017

Onsdagstur nr 11 2017

Skodda heng lågt over Jæren
det yrer og vinden lagar litt sus i trea.
Dagens tur er Melsvatnet rundt.
Eg er litt spent, 
for det mange år sidan eg har gått her,
og eg tenkjer mest på om kroppen vil dette....
 kameraet får kome fram av og til
 linsa er full av dråper før eg har fått teke eit bilete
 i starten er eg åleine,
bortsett frå hr stokkand ute på steinen
og eit 100 tals svarte snegler på veien
 fredeleg å rusle slik 
og bare lytte til det som skjer rundt meg
 etterkvart møter eg ei våt sjel her og der,
både på to og fire
trass i at enkelte deler av kroppen
 jamra litt mot slutten av runden,
vart det ein fin og frisk tur.

onsdag 24. mai 2017

Onsdagstur nr 10 2017

Det er onsdag og turdag...
Motivasjonen var heller dårleg,
men fordi eg har sett meg eit mål,
og skreve det ned her,
så kom eg meg ut
 kroppen klaga for kvart steg
 det gjekk tregt
 men det vart ein fin runde tilslutt...
 Det vart lite fotografering, 
eg gjekk mest å funderte over sakenes tilstand..
 kor eg er i dag - mot kva eg kunne før
 - eg tenkte dei som trur at rett mat og trening fikser alt....
på dei som innbiller seg dei veit alt...
 det er ikkje alltid så enkelt..
 - eg tenkte på dei som er negative,
 i staden for å vera glad på våre vegne, 
når vi mestrer noko,
- på dei som meiner at klarer ein det og det, 
kan ein og gå på arbeid....
- skal den som har sitt å strid med,
 ikkje kunne gjera det ein liker,
utan sære kommentarer frå den som trur ein veit alt...
- eg er glad for at det ikkje er slik for meg,
eg får mange positive tilbakemeldinger
frå mange hold.
- men eg føler med andre,
 som ikkje er like heldige som meg på det området...
- eg koser meg på mine turer i nærområda,
eg er i nuet og tek til meg av det som naturen byr på.
Eg har ikkje lenger nokon plan eller håp,
 om nå dei høgaste toppane,
på kortast mulig tid
(f.eks. Preikestolen som på bildet)
- det å halda kroppen i gang,
med trening i basseng,
gå korte eller lengre turar,
gjer det er liker og har lyst til,
ja, det er min kvardag og mitt arbeid nå.