Viser innlegg med etiketten Forsand Kommune. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Forsand Kommune. Vis alle innlegg

søndag 27. august 2017

Til fjells...

3 venninner på tur
alle er glad i naturen
men ikkje alle er like mobile.
Då er det fint at det finns plasser,
der ein kan kjøre "inn i naturen"
og få ein følelse av å vera "langt frå få folk"
med det same ein stig ut av bilen
 turen går til Fossmark i Forsand Kommune.
Veien innover går først langs Lysefjorden,
ved Eiane køyrer vi innover dalen 
og oppover lia
 det grått, det kjem nokre dråper,
men det gjer ikkje dagen mindre minnerik
 vatna innover var speilblanke
og ein kjenner på stillheten og roen som rår
 fotografen har leika seg litt med eit vannspeilingsbilete
 på toppen, på Skrøylå parkering
har vi lunsj
litt regn, og kva så
vi har berre ein liten "paraplypicnic"
 vi ser over Lysefjorden, 
der er Preikestolen
kan sjåast uten, men best med kikkert
 vi rusler litt innover,
så langt som damene orker 
ved "minipreikestolen" over Fossmark snur vi
 naturen er vill og vakker
i dette området treng ein ikkje gå langt 
for å få store opplevelser
 tilbake på Skrøyla sitter vi lenge og vel,
nyter utsikten, skravla går.
 vi tenker på nokre andre venner,
som tilfeldigvis har valgt dagen i dag,
til sin store utfordring,
dei skal gjera eit forsøk på å klara gå til Preikestolen.
 vi er ivrige med kikkert og kamera,
speider etter våre....
sjølv det faktisk ikkje er mulig med vårt utstyr,
til å sjå kven folk er oppå der...
Våre venner nådde toppen,
og det står respekt over den vilje av stål 
som er henta henta fram,
 for å få gjennomført ein av mange ønskedrømmer,
spesielt for en av våre venner.
Vi jubla på andre sida av fjorden, når den beskjeden kom...
for oss handla det i dag om å bruke dei muligheter som finns,
til å ta seg ut i naturen,
det handla om å bruke energi og den mobiliteten som finns,
til det ein har lyst å sjå,
utan å seg ut slite på å koma seg dit.
Ein fantastisk dag på alle måter.

mandag 16. mai 2016

Fossmark. Forsand Kommune

Etter ein køyretur
innover langs Lysefjorden.
gjennom ein dal
oppover på svingete vei,
kjem vi til ein innegjerd parkeringsplass,
nesten på toppen av fjellet,
Skrøylå
 - Frå Skrøylå går vi innover på traktorveg,
forbi beitande sauer
 - snart ser vi ned på den vesle bygda Fossmark
(Fossmork som det og skrives)
 - Tvers over Lysefjorden
nesten mot toppen av fjellet ein stad,
er den berømte Preikestolen.
På avstand er platået vanskeleg å få auga på..
- vi fann eit lite "preikstolplatå"
her på denne sida og...
 - ikkje så stort og høgt som på andre sida av fjorden,
men likvel høgt nok for enkelte..
- her er Preikestolen, godt zoma inn,
har du godt syn, klarer du kanskje å skimte
den store folkevandringa opp mot platået
 - klarer du å finne igjen Preikestolen på dette biletet?
 - vi rusler vidare innover stien
 - utsikten er det ikkje noko å sei på....
 - bjørka veks villig langs vei og i skråninger
 - etter ei stund kjem vi inn i ei dal
 - myrulla nikker over alt i vinden
 - på berget tek vi ein rast,
sola kjem og går
bekken sildrer forbi
fuglane kvitrer
gauken galer
 - Preikestolen er ein del av utsikten frå berget
- når kaffikoppen er tom,
nistepakken spist
etter ein god samtale mellom gode turvenner,
rusler vi tilbake til bilen.
vi starter bilturen ned frå fjellet,
over fjorden(med ferje)
gjennom kulturlandskap
og heimover...

lørdag 11. april 2015

Ved Fossmark, Forsand Kommune

I dag stopper vi bilen på Skrøyla,
ein perkeringsplass oppe mellom fjelltoppane,
ovanfor Fossmark.
Her har vi rast med god utsikt
- rett over fjorden nesten på toppen av fjellet, kan vi sjå Preikestolen
 - vi vandrer innover heia
 - nedpå flaten (og litt opp over lia som er skjult)
 ligg gardsbruka på Fossmark
 - etter ei tid kjem vi inn i ein vakker dal
 - litt sol, litt skodde, vindstille og speilblanke vatn
 - når vi ser tilbake, ser vi Preikestolen,
 langt der borte på andre sida av fjorden
 - vi vandrer over ei smal bru
- oppover lia
 - her set vi ein stein og nyter utsikten nedover i dalen
- skodde/dis kjem og går
- her er det stillhet og ro som rår
 - ei einsam furu oppe i lia
 - sola varmer godt til tross for disen som kjem og går
 - det er på tide å ta fatt på tilbaketuren,
 - vi ser på Lysefjorden langt der nede
 og snøkledde fjelltopper...
- ein herlig tur ein vakker vårdag i april
Dersom du lurer og ikkje klarer å finna fjellplatået:
Preikestolen er vanskeleg å få auga frå denne sida av fjorden,
du finn han under pila..
GOD HELG!

søndag 20. april 2014

Ved og i nærheten av Lysefjorden.....

På vei over Høgsfjorden,
 - Oanes ligg der Lysefjorden starter
 - rast ved Preikestolhytta, på nordsida av Lysefjorden, i Strand Kommune
- ro, stillhet, bekkebrus og sol som varmer....
 - vi køyrer innover langs fjorden, på sørsida, i Forsand Kommune
- Eidevatnet 
 - speilblankt og stille
 - nesten magisk....
 - leik med forrige bilete...
 - det er vanskeleg å sjå seg mett...
 - eit stykke lenger inne i dalen,
køyrer vi opp på fjellet,
til Skrøylå, ein parkeingsplass på toppen ovanfor Fossmark,
med utsikt til Preikestolen og Lysefjorden.
Vi går eit stykke innover traktorvegen
 - vi ser ned på gardsbruka på Fossmark
  over fjorden til Preikestolen
- når eg zoomer litt,
ser eg at mange har teke turen opp til platået i finværet
 - det er mulighet for lengre turar i dette området,
vi gjekk kun ein kort rusletur som planlagt
 - ein hoggorm piler fort avgårde,
med fotografen på slep,
og tilslutt det vart eit brukande bilete
 - Vi setter kursen nedover dalen,
 mot Eidavatnet og Eiane
 - og vidare heimover...