fredag 20. juli 2018

Stillhet og ro

Sol som varmer,
sildrande elv,
fuglekvitter
- det er fint å vandre langs elva 
og kjenne på stillheten og roen
omtrent ikkje ei gong eit vindpust,
til og med blomar og strå har funne roen
sjølv havet er stille i dag
eit svanepar har funne roen mellom steinane
 både elva og bondens åker 
bærer preg av vannmangel
ei fin og stille stund ved elv og sjø..

onsdag 18. juli 2018

lange skyer

skyer er fasinerande,
dei finns i alle former og fasonger,
og i mange farger
i dag var lange og strakk seg langs store deler av Jæren
desse bileta er frå stranda på Refsnes

tirsdag 17. juli 2018

Nærland og Selvåg

Ein liten stemningsrapport i bilder,
frå Nærland
og Selvåg strand
sola varmer og vinden rusker i mitt hår
 nokre skyer langt der borte,
- blir det regn i nær framtid?
 blomar, kvite, gule, blå
over alt på stranda nå
 naturens eigen kunst(ner)
 åkeren gul og fin,
vaier så flott i vind og sol
nok ein fin sommardag er på hell..

Sola seier takk for i dag....

Her har vore mang ein fin soldag,
der skodda har kome inn over land 
i løpet av ettermiddag og kveld.
For ein dag eller to sidan,
kunne vi nyte denne solnegangen
frå stova her heime..
eit vakkert og fredfylt skue

søndag 15. juli 2018

Langs Nordsjøvegen

Skodda var iferd med å trekkje seg ut i havet,
då eg tok avgårde på sykkelen.
 på Søyland skin sola
 på Nærland er det grått
 slik er det på heile turen
 eg sykler store deler av turen i veibanen,
kjenner at ein sykkelsti hadde vore fint,
for her er stor trafikk
 eg stopper her og der,
der som det faktisk er mulig å parkere sykkelen
utanfor veibanen
 nå og då kikker sola fram
 på Reve vert det ein stopp,
før eg snur og tek fatt på heimturen.
ja, vinden snur og...
god motvind heile vegen heim...
 gamle Orre kyrkje
Eg var litt spent i forkant av turen,
Eg var usikker på kor langt eg eigentelg kunne sykle,
og om det var nok til å kome seg til Reve og heim att.
Det var ingen problem,
eg kom meg farm og tilbake utan å vera totalt utslitt
(batteriet på sykkelen var heller ikkje tomt)
så pr i dag kan eg sykle 3-4 mil utan problem
- stor framgang frå i fjor...
Det må eg bare sei: eg er veldig fornøgd med meg sjølv