tirsdag 30. juni 2009

Heimreis

Mine seks veker her i Sogn går no mot slutten. Det tid for å pakka kofferten/ane og starta på den lange turen heim til Jæren.
The six weeks stay here in Sogn are near by the end. It is time to pack my suitcases, and start the long trip back home to Jæren.

Det har vore eit fint og aktivt opphald. Vi har lært litt om mange ting, som er gode å ha med på vegen, no når vi skal stå på vidare heime.

It has been very nice to be here, and active days too. We have learned a little about many things, which are good to bring back home, and to use in the work we must do the next 16 weeks before we are back here again.

For min del er eg godt nøgd med resultata på alle testar, som heilt klart viser framgang i både styrke og kondisjon....
I am very satisfied of the results for all the tests we have done the last days. They show that I am stronger and that my condition is much better.

I morgon tidleg etter frukost, set eg kurset sørover.
Ein stor takk til alle som har fulgt meg så langt, og for gode ord på vegen.
Tomorrow morning after breakfast, I'll start to drive back home.
Thank you very much for following me that far, and for many good words during my stay.

torsdag 25. juni 2009

Onsdag

Kvar onsdag er det felles tur for alle gruppene her "på huset". Dei har vore på den eine fjelltoppen etter den andre, med alternative ruter for den som er litt mindre sprek.
Eg har ikkje vore med på desse turane, men har vore i bassenget i staden.
Denne onsdagen gjekk turen til Raudebu. Denne staden ligg heilt nedved havet, det var og mulighet for å padle. Eg vart med i ein av kanoane.

Sommaren kom til Flekke og, denne onsdagen, og det var ein fornøyelse å vera på sjøen.
Me er på veg utover Flekkefjorden.

Det finns mange små lune viker og bukter langs fjorden.

Me møtte turgåarane på svaberga der Raudebua ein gong stod.


Her vart det servert kaffi og te. Vi åt nista vår, og kunne bare nyta utsikten omkring oss.

Sola steikte, og det var bare herligt......


På tilbaketuren padla vi nær land, og eg fekk litt ekstra guiding frå ein lokalkjent, om fjell, laguner og vekster langs havkanten.

mandag 22. juni 2009

Mandag

Det er mandag, og vi er igang med ei ny aktiv veke. Den siste heile veka på dette opphaldet.
Fleire er no sletne etter stor treningsmengde over lang tid. Noko som ein kunne merka godt i helga, då fleire tok det med ro, og bare slappa av.

Det skal bli godt å koma heim, men samtidig kjem tankane om kor trygt og godt me har det her. Heime skal me stå på vidare, og må sjølv arbeida oss gjennom dei motbakkane som kjem. Enkelte har så smått begynt å planleggja korleis ein skal forsetja å vera aktiv heime.
Målet er jo at vi skal oppnå betre resultat innan vi kjem tilbake hit, i slutten av oktober.


Mandag etter morgonturen, må vi ein etter ein inn på testlabben, for å sjekka korleis vi har gjort det siste veka.
Mandag vert difor ein dag med mange følelser, alt etter resultat.


Matlaginga på hyttene er no over - heldigvis. Emmeline, Frøken 3F og eg, var den siste middagen gjester hos kokken, bakeren og stuerten i nabohytta.

Det vart eit morosamt bordsete, med diskusjon rundt mange tema som vanleg, men denne siste er nok ein av dei samtalane som vil verta hugsa best.


Vi er no godt i gang med endringa for å få bedre helse og ein lettare kvardag. Ei endring som skal skje over tid, med små steg om gongen.

Har du lyst å gjera ei endring i ditt liv? Det er opp til deg, det er du som må gjera arbeidet.

Kanskje nettop dagen i dag, er akkurat den dagen du bestemmer deg for å gjera ei endring i ditt liv.

Ha ei fin og aktiv veke!

tirsdag 16. juni 2009

Ut på tur

Enkelte dagar har eg alternativ trening, og gjer heilt andre ting enn gruppa. Resten av gjengen dreiv med hopp og sprett i gymsalen, og eg hadde fritime på min plan. Eg følte meg i god form, og hadde lyst på ein spasertur. (Muskulært er eg okei, det er huda som lagar litt "krøll" ).

Med sekken på ryggen og kameraet i handa gjekk eg oppover - skal ein på tur her, er ein nesten nøgd til å gå oppover.....

Eg gjekk gjennom hagen til Becker huset (Becker ga dette området til Røde Kors for at dei skulle driva vidare det prosjektet han starta i si tid).

Her stod ein del blomar i full blomst.

Eg rusla vidare langs vegen.


Revebjella var ein av dei mange blomane som nikka så fint i morgonbrisen.



Eg svinga inn på vegen opp mot steinen, og arbeida meg oppover bakkane. Gjekk forbi små åkerlappar der bonden hadde gjort unna slåtten.

Midt i tyngste bakken, oppdaga eg denne "pust i bakken" benken. Den har sikkert gitt kvile til mang ei sliten sjel.

På vegen studerte eg livet på bakken. Ivrige maurar som pilte fram og tilbake, biller som hadde litt meir tid og tok det med ro.



Etter kvart som eg kom meg oppover såg eg meir og meir av landskapet rundt meg. Der nede i sjøkanten ligg senteret - det ser ganske langt ut når ein ser det ovanfrå.



Steinen ligg 165m.o.h.
Storåsen, toppen midt i bilete er 306 m.o.h. eit ofte brukt turmål.

Eg stoppa ved steinen. Eg sat å lytta til fuglasang og summing frå alle humlene rundt meg, medan eg såg utover det flotte landskapet.



Eit herlig øyeblikk og eit friminutt i kvardagen.



Vegen nedover er slitsam på sitt vis. For ein som til vanleg går tur på flate Jæren, kjennes det godt at lårmusklane er lite vandt til å gå i slike nedoverbakkar.

Vel tilbake var det tid for påfyll av mat og drikke, før eg tok fatt på to nye treningsøkter, innadørs.

søndag 14. juni 2009

Livsteikn frå Sogn

Her går det slag i slag heile dagane, og har ein litt tid til overs går dei fleste ein tur eller to utanom programmet.
Mange har mestra mykje meir enn dei sjølv har trudd at dei kan, både på tur og i basseng.
Hytte 1 har siste veke laga middag, siste dag for oss i dag - heldigvis. Det vert då lite tid til andre ting når dagens faste plan er gjennomført.
Utruleg kor lang tid matlaging, (+ bordsete med diskusjonar og oppvask) tek, når alt skal lagast frå botnen.
Ingen halvfabrikata her i gården nei.

Frå ein av treningssalane har vi denne flotte utsikten, når vi syklar eller går på tredemølle.
Ein kan drøyma seg vekk og gløyma at ein eigentleg tykkjer det er litt kjedelig å sykla utan å koma nokon veg.
I det siste har vi byrja å telja antal metrar ein sym i kaldt vatn bassenget. Fleire har nådd 1000 meter og er ivrige for å halda seg der eller etter kvart auka lengda.
Dei som ikkje er så støe i symjinga, dei vannjogger. Det er litt av ein teknikk/fart enkelte har oppnådd, når dei sit på skumpølsa og "padler" med armer og bein.

Stadig står det felles tur eller eigen tur på programmet. Felles turane går stadig til nye og høgare toppar, med ei alternativ rute for den som er litt mindre sprek.

Mange oier og sukker over lengde og høgde på ruta som er sett opp, og har lite tru på at det skal gå. Når ein bare tek utfordringa og står på, klarer ein det meste.

Me har blitt mykje sprekare og testane går rette vegen.

Borte i skulehagen har dei sett opp dette skiltet. Om du lurer på kor vi er i verda, kan du laga deg eit reknestykke ut frå desse tala her....... :-)


Takk for alle gode tilbakemeldingar. Det vert lite kommentarer tilbake, det tek så uendeleg mykje tid med denne dårlege internetlinja vi har her.
Ha ei fin veke alle saman!

mandag 8. juni 2009

Steinen

Rundt området her er turmulighetane mange, men uansett kor ein går, så går det oppover.
Eit av turmåla er "steinen". Frå bilveg til steinen, er opp, opp, opp. For ein jærbu som er vandt til å gå på flatmark, vert det ei utfordring til å gå i bakkane her.

Steinen

Eg sleit meg oppover til "steinen" her om dagen. Det var brattare enn eg såg for meg, pusten gjekk tungt, men når ein tek tida til hjelp går det meste bra.


Steinen var ikkje stor, men låg på eit platå, med utsikt over dalen. Når ein først er komen hit, kan turen gå i fleire retningar, vidare oppover eller andre ruter ned att.

Eg valgt å gå gjennom skogen ned att. Eg veit ikkje om det var det luraste valget eg har gjort. Eg hadde ein sverm med fluer som turfylgje nedover......

Innimellom trea var det opningar der ein såg ned mot sjøen.

Vel tilbake var eg godt sliten og fornøgd med gjennomført tur.

Kan henda eg går denne turen ei anna gong og.... men ikkje i morgon......

søndag 7. juni 2009

Båttur /a trip by boat

Dei som hadde lyst kunne siste veka melda seg på ein lengre tur, med båt og buss.
Turen går til øyane heilt ute i havgapet.
To dagar før var det meldt om stiv kuling og uver der ute, så det var litt uvisst om turen kunne avviklast.
Laurdag vakna vi opp til fint ver og lite vind, heldigvis.
For they who wanted, there was a trip by boat to the islands which are most far away from the land.
Two days before, there was very strong wind and bad weather out there, and we have not been able to do the trip.
Saturday morning we wake up, to a nice weather and no wind.
We were lucky.
Vi er på veg ut Flekkefjorden, i sol og fint ver. Sjøen er roleg.
We are on the way out of Flekkefjorden, in sun and nice weather. The sea is calm.

Havet blir opnare, men fortsatt er det lite bølger.
The ocean get more open, but still no big waves.
Forbi Brurastakken, landemerket som ofte får besøk av geologer, pga den særmerkte geologien.
We passed "Brurastakken", the landmarkt which is often visited because of the formation and geology.
Ein fin tur i eit fantastisk landskap.
A very nice trip, in a fantastic landscape.

Forbi Alden, "Den Norske Hest"
We passed Alden "The Norwegian Horse"
Vi skal i land på Bulandet.
Bulandet og Værlandet består av 365 øyer, og er no knytta saman med fleire bruer.
We landed at Bulandet.
To Bulandet and Vælandet belongs 365 island, and some of them are now connected with brigdes.
Det er ganske verhardt her ute, men inni mellom holmer og skjær, finn ein fine små fiskevær og rolege hamnar.
The weather is very hard in this area, but between holms and rocks you find small towns, and quiet harbours.
Frå Bulandets høgaste topp, 22 m.o.h. kan ein sjå langt i alle retningar.
Mot aust.
From the highest top (22 m.o.s.) at Bulandet, you can look far away, in all directions.
Against east.
Mot sørvest - Shetland neste....
Against south west - Shetland island is the next country.
Mot nordvest.
På den øya som er bebudd, bur det bare ei dame. Resten av husa er idag bare i bruk om sommaren.
Ein fin tur på ein fin dag.
Against north west.
Only one woman is living on this island, the rest of the house is now in use only at summertime.
A very nice trip on a very nice day.

fredag 5. juni 2009

speilblank sjø/ the sea as a mirror

Dei siste dagane har det vore heilt vindstille om morgonen, og så har vinden auka på utover dagen.
Her ein morgon tok eg meg ein rusletur langs sjøen ei tidleg morgonstund.

Sjøen var som ein spegel

The last days there has been no wind early mornings, but it has started to blow later.
I had a walk alond the sea, one of those silent mornings

The sea was like a mirror


Det var eit vakkert skue.

It was very beautiful to look at the "sea mirror"

onsdag 3. juni 2009

rapport frå Sogn

Det er igjen på tide med ein liten rapport frå staden mellom fjell og fjord.

Dagane går og vi har mangt å gjera,
sportslege utskeielser og teori læra.
Sykkel, symjing og tur,
med eit lite smil på lur.

vi puster og peser
hoster og freser
leiarane pusher på
farten er ganske rå
Middag laga på maizena og olje,
ofte i form av røykt kolje.
Kotelettar på fat
dandert i saus av tomat.

dessert får vi ganske sjelden
bare ei gong i helgen.
Vert då meir populær
is i "fingerbøl" - ein porsjon her.

Så sit eg her og ventar
på at maskinen hentar
eit bilete frå mitt arkiv
men det tek jammen tid

mandag 1. juni 2009

blomar og blad/ flowers and leaves


Frå blomsterenga bak hytta. From the flower field behind our hut.