lørdag 29. mai 2021

Tur til Månafossen og Mån

Innerst i dalen,
mellom høge fjell, 
finn ein parkeringsplassen
der turen til Månafossen og Mån starter.
Vi er i Frafjord, Gjesdal kommune
Det er motbakke frå første steg
mange plasser er sett opp kjettinggjerde
til bruk på bratte og litt ujevne plasser
sola skin
ein fin og varm dag
her og ser er det bygd opp trapper,
over litt bratte skråninger
Månafossen har et fritt fall på 92 meter. 
Utsikten til fossen er vanskelig tilgjengelig
 da det er bratt og ulendt opp til utsiktspunket der man kan betrakte fossen.
 På de bratteste stedene er det satt opp trapper og kjetting
 slik at man skal komme seg frem til utsikten.
 Til tross for at fossen er vanskelig tilgjengelig er den et svært populært turistmål, 
da den regnes som et av fylkets vakreste og mektigste fossefall.
(Wikipedia)
Vårt mål for dagen er Mån,
eit gammalt nedlagt gardsbruk,
som ligg i dalen innanfor fossen

Mån er en restaurert fjellgård som idag kalles Friluftsgården Mån. 
Det er bare våningshuset som står igjen av den opprinnelige gården. 
Dette ble restaurert av Jæren Friluftsråd. 
Idag kan hvem som helst leie hovedhuset. 
Det har sengeplass til 34 personer. 
I kjelleren er det åpen varmestue 
som de som vil kan gå inn og spise mat eller varme seg i. 
Her er det også en utstilling som forteller fjellgårdens histori
 og om Frafjordheiene verneområde.
(Wikipedia)

til elvebrus og fuglesang
stillhet og ro
nyter vi nistepakken 
og har ein velfortjent pause,
før vi går ned att

dalen strekkjer seg innover,
herifrå kan ein gå fleire lange turer,
over fjell og hei
På vei ned att
skin sola på fossen,
eit mektig skue

Turen er krevjande
for den som ikkje er så sprek.
Mitt mål var å kome seg inn til Mån,
om eg så skulle bruke heile dagen.
Nokre timer gjekk med,
og vi hadde ein fin dag og tur, 
i godværet.
 

søndag 16. mai 2021

sykkeltur med kamera i sekken

Denne dagen sykla eg mot eit bestemt mål,
Knudaheio, Arne Garborg si sommarstove.
Denne er plassert på Undheim, på Høgjæren,
med god utsikt over Jæren. mot havet.
Arne og Hulda Garborg er gravlagde her.
Det går mykje oppover fra start til mål.
Mang ein proff syklist raser forbi meg oppover bakkane,
men eg har god tid og kan bruke heile dagen.
Hytta ligg innegjerda med steingard,
rundtom er det beiter for ku og sau.
flotte og store skyer driv sakte over jærhimmelen

gravhaugen er liten 
mot dei store trea i hagen.
ein kan gå innover traktorvegen
og etterkvart i utmark og på fjellknauser
langt der ute er havet


skyene går "nesten" nedpå steinane


den røde hytta viser godt igjen i landskapet


etter ein runde til fots,
litt fotografering
og ein liten rast,
tek eg fatt på heimvegen.
Det er no mykje nedoverbakke,
og stor fart,
og på ein, to, tre
så er eg heime att. 

onsdag 12. mai 2021

Kleppeloen og Kleppevarden

Kleppeloen og Kleppevarden finn du inneklemt mellom byggefelt,
i bygda Klepp, på Jæren.
Husbygginga kjem stadig nærmare.
Det er fint med ein slik fin plass,
ein friplass og mykje brukt turområde,
for kleppsbuen og andre Jærbuar.
Det er fortsatt kjølige dager,
men knopper er på vei til å springe ut,
andre blomar er i full blomst.
på marka er det gult i gult

sol og skyer veksler om å vera "sterkast"
heisekraner på byggjeplassen ruver godt i terenget,
og er like utanfor turområdet
Kleppevarden er i dag på 35 moh
her er det god utsikt i alle retninger

nede i "loen" lyser gule blomar frå nesten kvar ei tue






Magnoliatreet står i full blomst


Ein fin plass for liten og stor

lørdag 8. mai 2021

Skyer på Nærland/Refsnes

Skyer gir rom for fantasier
skyer i mange former og farger
fasinerande med skyer
ein bildeserie utan ord
 frå ein rusletur på strender på Jæren








Lag deg ein god dag