lørdag 31. august 2019

Mørke skyer, mykje vind og eit gløtt av sol, på Ølberg

Mørke skyer 
går over i grå/kvite skyer
og slepp gjennom eit gløtt av sol
 temperaturen er god
 folk kjem og går på Ølberg strand.
Nokre få har funne seg ly for vinden,
koser seg med nistepakke, leik og bading..
 her er nokre få flotte naust i havna
 eg tek turen opp på ein topp,
her er det nesten uråd å stå stille,
vinden tek godt tak
 det vart nokre brukande foto frå toppen og
 
fugleskulpturen viser godt igjen,
frå nesten alle kanter
 Ølberg strand i panorama
 utsida av moloen og nordsjøen i panorama
det vart ein frisk og luftig tur i blesten

mandag 26. august 2019

Kveldssol

Sola stor og rund,
er ferdig med si vakt,
og takker for seg...
 Tok turen til stranda i går kveld,
for å nyte solnedgangen
 det var ei fin og fredfull stund
Ha ein fin dag der du er.

søndag 25. august 2019

Utflukt til kjente plasser..

Dagstur med bil,
sørover til Lindesnes.,
Undervegs stoppa vi,
for å sjå på kjente plasser,
eller for å eta nistepakken.
.
Helleren, Jøssingfjord,
husa under helleren,
har aldri fått regn på seg.
slik har dei stått i mange år,
utan ny maling elller restaurering.
 taket har ikkje ein gong takpanner på
 i vår,
var det storbrann i området,
til alt hell passerte flammane like ovanfor,
utan å gjera skade på desse bygningane
 Lindesnes fyr 
.
det er nokre kilometer til nordlegaste punkt...
Området rundt fyret består av fleire godt bevarte bygninger,
her er museum inne i fjellet og inne i husa
 dette fyret er lett å kome til.
og mang ein turist finn veien hit
 det gamle kullblussanlegget var opprinnelig ein etasje høgare
 I 1656 vart første fyrlyset tent her 
 oppe frå tårnet,
ser ein langt i alle retninger
Begge plasser er vel verdt eit besøk.

fredag 23. august 2019

Sykkeltur under vekslende skydekke

Dagen kom med regn regn og atter regn
tildels kraftige regnbyger.
Utpå ettermiddagen vart det opphald,
og nesten sommarslege temperaturer.
Eg tok ein tur på to hjul,
 rundt i bygda,
skyene skifta frå mørke og regntunge
 til lyse og lette skyer
 til og med litt blå himmel innimellom
 Håelva var flaumstor og gjekk over sine bredder,
og som vanleg etter mykje regn, 
var det innsjø på bondens mark
store skyer spegla seg så fint i vatnet
 Ha ein fin ettermiddag/kveld der du er.

søndag 18. august 2019

Skofja Loka, Slovenia

På ein grå og regnfull dag,
tok vi turen til Skofja Loka, 
Slovenias nest eldste by.
 gjennom byen renn elva Sora
 den gamle bydelen består av trange smug,
trapper og brustein

bygatene var omtrent folketomme,
der vi vandra under kvar vår paraply
 vi går bakkane opp til slottet
 sånn midt i bakken ser vi ut over byen
 I Skofja Loka slott, er i dag Skofja Loka museum
her er det utstillt våpen, møbler, keramikk
frå fleire epoker
 ein del av keramikken kan minna om våre ting
 skomakerverksted
 nedturen frå slottet var like våt som oppturen
stiane var glatte av vatn og løv
 Eg ser nok det at det ville vore morro 
å vandre meir rundt i byen 
ein dag med bedre vær.
 det å kunne setje seg ned,
sjå på livet rundt seg osv..
 frå eit anna hus der vi var på besøk,
i den nye bydelen,
kunne vi sjå like til dei Slovenske alpane...
Slovenia er eit fint land,
og har mykje å by på.
Ein dag skal eg tilbake,
men då vil eg farte i ein annan del av landet.
God Søndag!