tirsdag 31. desember 2013

Godt Nytt År

Takk til alle som har fulgt meg gjennom året som har gått...


Eg ynskjer alle eit godt og innhaldsrikt nytt år.

lørdag 28. desember 2013

Abel Tasman National Park - vi går i land...

Awaroa beach - her går vi land, for nokre timar..
 - gyllen strand og klart vatn - idyllisk spør du meg.....
 - som eg har skreve tidlegare er det fleire meter forskjell på flo og fjære
- når vi kjem til stranda er sjøen omtrent på det laveste.
Sandbanken vert skjult under vatnet når sjøen stig igjen.
 Vår vert og guide vil visa oss meir om korleis landskpapet endrar seg,
 ved flo og fjære.
Vi går frå sjøen innover stranda, over ein lita sanddyne,
og finn nærmast ein stor "ørken"
 - båten er og på tørrt land...
 - dette er eit område som viser seg fram,
kvar gong det er fjøre
 - interessant og fasinerande....
 - vi rusler bortover mot enden av stranda
 - enkelte tek seg eit bad på veien - andre har nok med å vasse litt...
Deler av ozonlaget mangler på New Zealand,
vertskapet har formana oss om å vere forsiktige ute i sola....
Under stor nyinnkjøpt solhatt og innsmurt med sunblock 50,
 er fotografen er oppteken av små og store fotomotiv....
- fargerike og fine skjell var det mange av... 
 - ved enden av stranda,
 - går vi opp stien og mot Awaroa Logde. 
Her finnes både restaurant og hotell - sånn "midt i bushen"
Awaroa er og eit utgangspunkt for lengre fotturar.
Om du studerer biletet under nøye,
oppdagar du kanskje innimellom buskar og tre, godt skjult frå stranda,
ei lita flystripe - for mindre fly.
 - stien går mellom buskar og tre
 - i eit grønt og frodig område
 - revebjeller ser ein mykje av i dette området av New Zealand
 - hotellet ligg nærmast i ein oase
 - vakkert....
 - etter eit godt måltid under parasollen på hotellet,
rusler vi tilbake til stranda
 - ikkje mange gjester på stranda.....
- eit nytt bad og vassing medan vi venter på båten... 
 - vi er på plass, men kor blir det av båten....
- litt forsinka er vi på vei tilbake til utgangspunktet...
- eit fint stopp, - i vakker natur...

fredag 27. desember 2013

Høg sjø og store bølger.....

Vinden har stillnet etter nok ein stormfull dag på Jæren.
Sola kjem og går, temperataturen er rundt 10 grader
- ein mild desemberdag.
Turen går til Brusand i Hå kommune.
Vi går langs ei flaumstor elv - Fuglestadåa -
som renn stille og rolig mot havet
 - der elva møter sjøen, er det ikkje lenger ro,
bølgjene er store og slår hardt mot land...
 - Raudn - øya med den vesle fyrlykta ligg eit stykke frå land
 - vi går mot Holmestø
 - tangen utanfor nausta viser at sjøen har gått høgare enn i dag,
desse husa ligg nokre meter opp frå sjøen
 - her er det store krefter som rår
 - vika nord for sjøhusa i Holmestø
 - hav dur og bølger auker på,
i det vi snur og går tilbake
 - det er fasinerende og spennende å sjå på bølgjene som kjem mot land
 - dei bryt på forskjellige stader
 - somme er høgare enn andre
 - vannstanden er høg,
nesten heile stranda på Brusand er skjult under vatnet
- i skrivende stund, høyrer eg at vind og regn auker på,
eit nytt lavtrykk med storm og uvær er på vei.....

mandag 23. desember 2013

Julestemning "down under"......

Då vi tok turen til den sørlege halvkule, i slutten av november,
hadde gater og butikker i Norge, vore julepynta ei tid...
- vi vart ganske raskt bevisste på "mangelen" av pynt då vi ankom New Zealand
Her og der såg vi ein dekorasjon eller to,
men stort sett så måtte vi inn i "julebutikken" for å finna meir julepynt...
I Nelson var vi innom eit par slike butikker, 
mest fordi eg var litt forveten på kva slags julepynt dei bruka på denne sida av jorda.
Her var det mykje som minna om norske tradisjonar.
- samt ei avdeling med litt meir "moderne" julepynt
- på ein cafe fann vi dette juletreet ,
- det tek iallefall liten plass...
 I Wellington Zoo hadde dei brukt plastflasker....
 - Wellington flyplass
- stjerna har fått plass midt på treet, 
noko som ikkje er uvanleg på New Zealand,
dei har ofte ein engel på toppen
 - det fanns meir tradisjonelle julekort,
men eg valgte desse to med Kiwi fuglen på
Sydney flyplass, Australia
Sydney Tower
- i følge plakaten, var nissen ute og mata reinsdyra...
Darling Harbour, Sydney
- her og der kunne vi høyre lyden av ein julemelodi eller to,
og det var med eit smil om munn vi lytta til "I'm dreamimg of a white Christmas"
Med 28 grader og sol frå blå himmel, er det vel ikkje store håpet om å få ei kvit jul....

Når eg tenkjer etter, 
så er det meir naturleg at vi i Norge bruker mykje lys både ute og inne,
her er jo vinter og mørketid.

Eg vil ynskje alle ei fin og fredfull julehelg.