søndag 21. januar 2018

Fin vinterdag på Jæren

Dagens tur starta ved Hå gamle Prestegard,
sol - vindstille
mørke skyer ligg ute i havet
eg går langs vei og sti
nordover 
 over Håelva
på Nærland
 mot Nærland strand
 over alt møter eg andre
som og bruker denne dagen ute...
(det er meldt mildvær og regn att over helga)
 eg går mot og langs Refsnes strand
 dei fleste går tur
eit par lufta hester
- på stranda eg møtte og to damer på ski 
- det er ikkje akkurat eit vanleg syn
 hestane fekk vassa litt...
 for tung i sessen...?
den bakerste måtte sleppa ut litt vekt på veien..
 bølgjene slo fint mot land
 skyene trekkjer seg innover mot land...
min tur er over
sjåføren venter ved flystripa på Skeie...

torsdag 18. januar 2018

under mørke skyer

I dag vart det ein kort runde,
på Nærland, Selvåg og Hå
 dei mørke tunge skyene
som i utgangspunktet ser nokså gråsvarte ut,
har mange nyanser av grått, blått og svart
 det er vindstille
bølgjer slår mot land
nokre fuglar fyk opp når eg kjem for nær
 ut mot havet...
 bilder i motlys er og spennande
Obrestad fyr i motlys
 Håtangen
mørkt og grått,
men likevel så friskt og flott....

onsdag 17. januar 2018

Det gryr av dag

Jærbuen vakna til vinter og snø,
eller vindfulle og våte dagar...
 lyset var magisk 
og det såg ut som om meir snø var i vente
 eg rusla meg ein runde på heimlege tufter
 vart liksom ikkje mett av lys, stillhet og ro
 lyset var litt vanskelig og fange
 i både aust og vest fanga blikket mitt 
litt rosa farge på skyer og himmel
det vart opninger dei mørke skyene 
blå himmel og lyse skyer overtok meir og meir
etter kvart kom sola over åskanten
og sendte sine stråler mot det vinterkledde landskapet...