onsdag 30. juni 2010

Rusletur på igjengrodde stier.

imellom og langs steingardane
her på gardsbruka
finns stiar som no er lite brukt
.

i tidlegare tider førte dei buskapen her
.
eller så vart stiane brukte som veg for folket
.
i dag set ein seg i bilen
og køyrer på asfaltvegane
.
desse stiane er nok helst litt gløymde
og folket "misser" ein del av alt fine her
.
med traktoren går det avgårde i full fart
på større vegar mellom åker og eng
.
bonden har nok og gløymt
ein del av det som ein gong var
.
då han bar ljåen på aksla
.
eller rusla bak hest og vogn
.
det er eigentleg ganske fredfullt å gå her
å studera livet blant blomar og blad
høyrar fuglane kvitra og insekt som summar
.
kjenna lukta av tørka gras
og sola som varmar om kinn.

søndag 27. juni 2010

Nærbø parken

eller fuglaparken som han og kallast,
.

er ofte besøkt av store og små
.
her kan ein mata fuglane
.
eller gå tur langs stiane.
.
Eg gjekk tur
.
såg på alle dei fine blomane som blomstra nå
.
desse haurde ein over alt
særleg den største - han fræste
og ville alltid vera først i matkøen.....
.
påfuglen er ein staselig fugl
.
min vesle rundturen i parken er slutt.
.
eg sit og ser ut kjøkkenvinduet:
sola er på veg opp bak åsen
nokre få små kvite skyer på ein blå himmel
det er nesten vindstille,
- ein ny fin dag på Jæren.
.
God søndag.

fredag 25. juni 2010

etterlengta regn....

Etter flotte dagar med sol og vind
kom det litt regn i går og i natt.
For mange var dette kjærkome,
- jorda har vore svært tørr den siste tida.
.

Regnet er ikkje nok til å gje ei skikkelige rotbløyta
så mange kunne nok ønskt seg meir nedbør,
for å få gang på grasveksten igjen etter slåtten.
.
I dag tidleg var eg ute ein tur
før vinden hadde blese vekk alle regndråpane
frå blomar og blad.
.
Eg vil ynskja alle ei god helg.

torsdag 24. juni 2010

St.Hans, Jonsok, Jønsok

kjært barn har mange navn...
.
For ein del år tilbake, då eg kom til gards her,
starta vi opp med det som vi no vel kan kalla ein tradisjon.
Rømmegraut, leikar, lite bål for barna og stort bål
- slekt og venner.
.
barna er no blitt vaksne så delen med leikar er blitt litt borte
men samtalen rundt det vesle bålet og pinnebrød
det vil dei fortsatt ha.
Ein som no snart er 30, og har vore med sidan han var liten
- han vil koma så lenge eg lagar pinnebrøddeig, seier han...
- morosamt tykkjer eg.
.
det var ein fin kveld
.
sjeldan har Jæren hatt så fint ver
ein jønsok kveld
.
sol og skyer laga eit flott skue på himmelen
.

Eg vil ynskja alle ein fin Jonsokdag.

mandag 21. juni 2010

Søndagstur

Me reiste til Rogaland Aboret
for å spasera litt der.
Det såg ut som om "heile Rogaland" hadde tenkt det same.
Mange gjorde vendereis fordi dei ikkje fekk parkeringsplass
- det same gjorde me.
Me reiste i staden for å utforska eit turområde
me hadde høyrt om, men ikkje besøkt ennå.
.
Me stoppa på Aurenes i Time kommune.
.
det dufta så godt når me steig ut av bilen
rognebærtrea var fulle av blomar.
.
Vår plan var å gå langs Tjålandsvatnet,
men skiltinga var litt dårleg og ikkje hadde me kart
så vi enda på stien mot Ulvarudlå.
.
i vegkanten vat det gult i gult
.
det gjekk oppover og oppover
.
langs dyrka mark og i utmark
.
midt oppi bakkane stoppa vi
.
tok ein kort pause før snudde og gjekk ned att
.
eit flott område å gå tur i
.
ein dag skal eg tilbake
eg skal nå toppen - Ulvarudlå 418 moh
.
Ha ein fin dag!

søndag 20. juni 2010

Egerøy fyr

I går gjekk turen til Egerøy fyr
.

første stykket går ein på grusveg
i kuppert terreng
.
halvvegs kjem ein "linken"
- minner frå krigens dagar
.
her har ein god utsikt til fyret
og ut over havet
.
Fyret var ferdig i 1854 og er 32,9 m høgt
.
Eg har lenge hatt eit ynskje om å ta turen til topps i fyret
men det har alltid vore stengd.
Til alt hell var det ope denne gongen
og me klatra dei 134 trappetrinna til topps.
.
me vart visst litt ivrige og gjekk opp siste trappa og
der var visst stengd for allmen ferdsel
men eg fekk nå knipsa eit par bilete før vi vart beordra ned att....
.
ute var det ein flott utsikt
me hadde nok sett lenger på ein klar dag - utan dis.
.
nordavinden tok godt her oppe
og det var ikkje lett å halda kropp og kamera stille...
.
huset midt i biletet er den gamle fyrmeistar boligen
bak til venstre skimtar ein "linken"
.
me fann oss ein lun plass
me åt nista vår til ein flott utsikt
.
så bar dei heimover att
bakkar opp og bakkar ned....
.
ein fin tur i frisk nordavind
med "bakoversveis" og røde solfarga kinn
var me godt fornøgde med dagens utflukt.
.
God søndag.