tirsdag 29. januar 2019

Snø og varierande lys

Det var snø i lufta og frisk vind
då eg starta turen langs med havet
  i løpet av kort tid,
har snøen lagt seg som eit teppe på sandstranda
 det som kan sjå ut som grått i grått,
hadde mange fargenyanser,
og var eit vakkert skue.
Det stoppa og snø,
og fargane på himmel og skyer endra seg.
 blått, grått, svart, kvitt - eit magisk lys
ikkje så lett å fange med linsa,
men eg håper du får eit inntrykk av magien
 eg måtte stoppe ofte,
bare for å nyte og fange magien
 ein periode kikka sola framom
 det forsterka magien og fargenyansene i skyene
 resten av bileta skal du nyte i fred og ro
utan mine kommentarer

 det mørkner igjen,
og meir snø er på vei
 nesten som eit tak som legg seg over sjø og  strand
 der kom snøen..
og eg er nesten kom fram til dagens mål...
ein opplevelsesrik tur sjø og strand

mandag 28. januar 2019

i sol og vindstilla, Nærland strand

Dagen kom med 
sol, vindstilla og minusgrader...
eg valgte å ta turen til sjøen,
der det sjeldan er islagt/glasert.
Eit tyspisk syn etter rennedrev,
litt snø samla rundt eit gjerde el .likn
og bart på marka.
Eg vart litt overraske, 
5 minutt unna heimplassen,
og mykje mindre snø
 det som er av snø,
har lagt seg i med gras og strå i sanddynene
 ferdig strødd er han og..
 deler av stranda er islagd,
men igjen,
ferdig strødd..
 blått i blått
bara så flott!
 ein einsleg fugl på steinen
 sat stille til eg kom for nær..
 sand og snø
naturens eige kunstverk
måtte vi får fleire slike dagar....

søndag 27. januar 2019

Etter rennedrev

Vind på tvers og snø = rennedrev
Det er ikkje alltid at snømengden er så stor,
men han gjer mykje av seg.
Veger blir stengde, biler køyrer seg fast,
ja, det er best å halda seg inne medan uværet herjer.
 snøen samlar seg i snøfenner 
langs steingardar, hus mm
 på open mark er det nesten bart
 her på tunet, legg snøen seg framfor huset,
- ytterdør og garasjedør må måkast fram..
vinden har minka,
skyene er mørke,
meir snø i vente?