søndag 31. januar 2021

Heima på Bø

Etter ein solrik og fin morgon,
kom skyene sigande inn frå havet.
fortsatt er det vindstille,
og gradestokken kryp over 0
skyene legg seg først som eit tynnt slør
men vert både tjukkare og mørkare etter kvar

kanskje har vi meir snø i vente


det er så friskt og godt å vera ute 
eg håper at snøen vert liggjande ei stund

lørdag 30. januar 2021

Fin vinterdag på Jæren

Sola skin frå blå himmel,
det er vindstille,
og litt snø dekker landskapet
eg vandrer heime på eigne tufter
det fint å høyre snøen knirke under skorne
her og der høyrer eg fuglar som kvitrer


ser ein godt etter,
så oppdager ein at snøen har funne veien til linsa og...
måtte bare dele dei siste bileta likevel...


ein fin runde i sol og snø

mandag 25. januar 2021

Fuglestadåa, Brusand, Holmestø

Ein fin vinterdag på Jæren,
minusgrader, sol og vindstille.

Min tur går sørover i kommunen,
til Brusand og Holmestø.

han der Frank hadde rota ganske mykje,
veien var full av rusk og rask,
vind og sjø har skyllt ut sand og delvis stier
Fuglestadåa renn stille og speilblank ut mot havet
høg vannstang i åa,
gangstien over til Brusand strand
 er akkurat dekka med vatn

I Holmestø ligg båtane langt inne på land

somme av båtane er godt festa med tau og stropper
lette skyer kjem sigande innover land

Det var nesten litt vanskelig å ta turen heimover,
det var bare så fint å vera ute,
og nyte den flotte dagen.

lørdag 23. januar 2021

Tur langs steingard, vei og sti

Etter dager med hålkeføre, stiv kuling og regn,
kikka sola fram og lokka folket ut på tur,
Eg møtte mange på min vei,
som smilte, nikka eller sa hei. 
det var godt å høyra fuglar syngja,
kjenna sola og litt vind som ruska i mitt hår.

lytta til ender i flokk
lytta til bølgjer som slår mot strand


Det gjorde godt å kome ut,
få frisk luft og få rørt litt på seg. 
Lag deg ein fin dag, 
der du er.

torsdag 14. januar 2021

I solnedgangen, Nærland strand

Nok ein fin vinterdag på Jæren
og nok ein fin tur i solnedgangen




vakkert skue
ei lisa for kropp og sjel

onsdag 13. januar 2021

I solnedgangen

Ein solrik vinterdag går mot kveld
eg vandrer langs sjøen, 
i det sola seier takk for i dag
eg lytter til bølgjer som slår mot land
eg kjenner på stillhet og ro
fargane er ikkje så sterke,
men mange nyanser i blått 
og gul/oransje og delvis rosa

det var friskt og fint ved sjøen

tirsdag 12. januar 2021

Same dag, ved sjøen og heima på Bø

Det vart ein rask luftetur ved sjøen.
Sola skein delvis då eg stoppa bilen,
vinden auka på,
mørke skyer kjem inn frå havet
dei hadde med seg snø og regn
eg lar bileta tala for seg sjølv








Eg gjekk ein kort runde heima på Bø og
Veret er like skiftane,
men her er det kun snø, ikkje regn
mindre vind










ulikt vær 
på to plasser, med kun kort avtand frå kvarandre