tirsdag 21. november 2023

Alta-Nordkapp del 2 (Honningsvåg-Nordkapp)

Vi gjorde eit kort stopp i Honninsvåg.
Hurtigruta ligg for kai,
i ei rolig lita havn



Herifrå blir det meir og meir snø

skyene mørkner og meir snø er i vente



fasinerande skyer og lys
den neste mila, køyrer vi i tett skodde,
og lurer på kva som møter oss på Nordkapp
Eit flott lys, mørke skyer, og snøbyger møtte oss på platået
skyer tunge av snø, heng nesten ned i havet





skyer og lys endrer seg - eit fantastisk skue

ein lang dagstur, 
som var veldt verdt alle mila på hjul.
Mørkret kjem sigane 
og innan vi er tilbake i Alta,
er det kveld og lite fotolys...

Alta-Nordkapp del 1 (Alta-Honningsvåg) gjennom bilruta

Alta-Nordkapp, ei strekning 25 mil.
vi starta tidleg, då skulle tilbake til Alta same dag.
vi fekk med oss soloppgangen på veien



Ein tur med varierande lys og vær

himmel og skyer i mange farger




vi fekk ein følelse av 3 årstider undervegs




små fiskevær 



bar veg, snølagd veg - det skifta stadig




mila rulla fort,
det var mykje sjå og oppleve undervegs,
så turen føltes ikkje lang
 

onsdag 15. november 2023

Innom Karasjok og Kautokeino

Ein tur over vidda,
mot Karasjok.
Det vart liksom aldri lyst denne dagen.
Når ein er sjåfør deler av vegen,
vert det lite fotografering...
litt snø, delvis isete veier
det vart ein fin og magisk tur
Store vidder i nordnorsk vinterlys.
Vi fekk beskjed på førehand,
at det kunne vera mykje rein langs veien.
Vi såg  og såg etter reinen.
Plutseleg stod ein heil flokk eit lite stykke frå veien, 
på ein stor parkeringsplass,
vi stoppa i veikanten ei god stund,
og tok til oss av det vi såg, 
sikkert mor og kalv,
desse kom gåande til/etter flokken



vi kjørte vidare,
og snart var det ein ny flokk på andre sida av vegen..
her er det bare veien og gjerdet,
mellom oss og flokken

Etter ein tur innom Finland,
eit stopp i Karasjok,
set vi kursen mot Kautokeino.
Juhl`s Sølvsmie er målet.
Den første sølvsmia i Finnmark - frå 1959.
Herr Juhl fekk ikkje gjort ferdig sin tommel og avtrykk før han døde.
Slik uferdig vil det alltid bli,
for ingen kunstner gjer ferdig ein annan kunstners verk,
seier fru Juhl.
Fru Juhl har arbeida med denne veggen i 30 år,
veggen er fyllt med stein og andre ting,
Frå sin plass oppe under taket, kom ho ned til oss,
og tok seg god tid til å fortelja/svare på spørsmål.
Dei kvite felta, skal ho fylla med rosinstore steiner (fås kun kjøpt i Italia)
deretter går ho rundt med nål,
for å ta bort overflødig lim.
Heile veggen skal fortelja ei historie, i følge fru Juhl
Juhl´s sølvsmie


Det er like før mørkret er over oss,
og vi set kursen tilbake til Alta.
Lang tur,
med mange opplevelser på veien.