tirsdag 31. desember 2019

Godt Nytt År 2020

Eg vil ynskja alle 
Eit Godt Nytt År.

luftetur ved sjøen

det er årets siste dag,
ein dag utan regn og sterk vind.
Ein liten lufteur ved sjøen
gjer godt, etter mange innedager
 her tek vinden tak
bølgjene slår kvite mot land
ein kjenner lukt av tare og sjø
 innimellom kikker sola fram frå skyene
 det er fint å stå der.
lyttene til bølgjebrus
sjå på ender som gynger på bølgjene
og måker som flakser rundt om i vinden
 strand og himmel i motlys
ein luftig og fin liten strandtur
på årets siste dag

onsdag 25. desember 2019

Regn og sol på Håtangen/Nærland

Morgonen rann
med fin soloppgang
seinare vann skyene
og det vart regn i bygene
  sol og regn ved havet
 skyene er alt frå mørke og grå
innimellom ser ein himmelen blå
 fargane er svake
 med eitt vann sola
og fargane vert sterke og fine
Ha ein fin 1. juledag

mandag 23. desember 2019

God Jul

Eg vil ynskja alle
ei god og fredfull julehelg

søndag 22. desember 2019

Leik med sand og vatn

skyene heng tunge i sør
dei er litt lysare i vest
 når bestemor og bestemorguttane dreg til stranda
målet er: leik med sand og vatn
 i nord er himmelen delvis blå
været betyr lite, bare guttane får leike med vatn og sand
 ved bilen var ein stor søledam
her var lett å få tak i vatn
og ikkje djupare enn at det var lett å springe i vatnet
to våte og førnøgde gutar