tirsdag 31. oktober 2017

Hå/Håtangen

Det har vore stille frå min kant i det siste.
Eg har vore oppteken med musikk/konserter m.m.
Været har vel heller ikkje alltid vore det beste,
men mest av alt så er vel ikkje lyst/motivasjonen heilt på topp 
til å kome seg ut,
fordi det medfører ein del smerter og ein utslitt kropp.
I dag skein sola inn gjennom eit salt/støvskittent vindauga,
eg kjende det kribla og lysta til fotografere var stor....
Eg fann den kortaste ruta (nesten)
og karra meg avgårde...
 sola skein når eg steig ut or bilen,
men forsvann snart bak skyer som vart mørkare og mørkare
 siste dag i oktober
våte og nesten avblomstra
viser likevel godt igjen blant gras og strå
 lyset forsvinn meir og meir
 sjølv om ei og anna solstråler finn veien gjennom skyene
 det grå massive skylaget breier seg snart over heile himmelen
det var friskt og fint å vera ute
nå er ikkje veien lang heim 
til godstolen og føtene på krakken..
ha ein fin kveld

onsdag 18. oktober 2017

Sykkeltur

Den einaste "fridagen" på lange tider,
kom med sol og nesten vindstille.
Eg fann fram sykkelen og tok meg ein tur i bygda..
 sola varma
og vatna var spegelblanke
 lette skyer sig innover frå havet
 i frå sør kjem mørke skyer sigande nordover
 ser truande ut - kjem det regn før eg er heime att?
 det fine lyset vart brått borte
 det er grått,
men grått har mange nyanser å by på
 nokså forvetne på kva denne fotografen driv på med...
 det grå går over i blått
 grått og blått om kvarandre,
det skifta heile tida
 så dukker sola opp att
ein fin føremiddagstur,
i det jærske landskapet.

mandag 2. oktober 2017

Håelva går over sine bredder..

Det har regna og regna i store mengder
og meir regn er på vei
 mørke regnfulle skyer over Nærbø sentrum
 eg har farta litt rundt
og sett på Håelva, eller innsjøen 
ja, for elva er nesten ein stor innsjø
frå Torland til ho renn ut i havet i Voien/Håtangen
*
Stølen/Nesheim 
 tidlegare i dag, var bonden utpå "enga" med båt,
for å berge sauer på tørrt land
 Njærheim
 Torland
her hender det at elva fløymer over 
når det kjem mykje regn,
men det skal visst nok ikkje vore så mykje vatn
 iallefall dei siste 32-33 åra
 poteter og grasballer er tekne av vatnet
 Bjorland/Torland
 bileta taler nesten for seg sjølv
 Alvaneset
 Obrestad
det regna heile tida eg var ute,
og meir har det kome seinare..
-håper det snart vert litt opphald,
slik at elver og bekker får trekkja seg tilbake 
og kan renna i si vanlege lei.