lørdag 30. juni 2012

Langs Kongeveien frå Obrestad til Reime

I kveldinga går vi i utkanten av bondens beitemark
 frå Obrestad mot Reime.
Heile tida ser vi ned mot sjøen og utover havet.
_MG_8348 a
- over alt finns det tistler som snart er i full blomst
_MG_8351 a
- det er fleire grunneigarar på det stykke vi skal gå,
- over alle gjerda finns det gjerdeklyvarar 
for at den glade vandrer lett skal koma seg over steingardar og/eller piggtrå.
På ei av markene står dyra og ventar på oss.
_MG_8355 a
- dyra ser roleg på oss - dei er vandt med at folk går forbi
_MG_8360 a
- snart skal vi ned på flata og gå mot det gamle naustet på Reime
_MG_8366 ab
- her beiter sauene 
- dei ser og roleg på oss og fortset meg grasetinga
_MG_8379 a
- det gamle naustet på Reime har stått slik til nedfalls i mange år
_MG_8383 ab
- det er eit motiv som er fotografert frå fleire kantar, av mang ein fotograf.....
_MG_8385 ab
_MG_8395 ab
_MG_8398 ab
- vi er på heimveg ser oss tilbake mot naustet 
_MG_8408 a
- på Obrestad har dyra roa seg for kvelden
_MG_8414 a
- det er enno eit par tre timar til sola går ned, 
men allerede no kan ein sjå at landskapet får litt meir gylne fargar
_MG_8419 a
- ein fin kveldstur som gjev rom for å få lufta ut dagens kjas og mas.

torsdag 28. juni 2012

Nærland - Håtangen/Voien

Etter ein lang og grå dag med mykje regn, letta det i kveldinga.
Eg tok turen til sjøen, for å gå meg ein tur.
Eg starta på Nærland strand, og gjekk sørover mot Håtangen/Voien.
Denne turen går på strand, langs grusveg og over bondens beitemark.
_MG_8253 a
- Selvåg strand
_MG_8258 a
- mørke tunge skyer er rundt oss, 
over oss var det ein liten blå flekk på himmelen, - så sola skein på oss
_MG_8265 a
- vi er komne til Håtengen/Voien
_MG_8268 a
_MG_8274 a
_MG_8279 a
_MG_8283 a
- vi klatra opp i fyrlykta,
og fekk ein bedre utsikt over området
_MG_8290 a
_MG_8293 a
_MG_8299 a
- nede på bakken, mellom steinane er det eit rikt planteliv
_MG_8307 a
_MG_8311 a
- ved Selvåg strand ser vi oss tilbake mot fyrlykta i Håtengen/Voien
IMG_8327 a
- vi går langs sjøen i utkanten av bondens beitemark
_MG_8333 a
- før vi er tilbake til utgangspunktet, Nærland strand
- vinden har stillna,  roen og stillheten pregar no lanskapet
_MG_8342 a
- ein fin kveldstur....
I det vi kom heim att, byrja det å regna igjen....

lørdag 23. juni 2012

Tur på Refsnes strand

før eg kjem ned til stranda,
 går eg på ein sti mellom blomar og strå
_MG_8112 a
_MG_8116 ab
_MG_8117 a
innimellom dei store stråa finn ein små blomar på marka
_MG_8120 a
- nede ved stranda er det vindstille,
sola varmar og fuglane syng
_MG_8125 a
_MG_8126 a
- bølgjene rullar stille mot land
_MG_8131 a
- eg forlet stranda
_MG_8135 a
- ser utover det blikkstille havet
_MG_8149 a
- før eg går i sanddynene og leitar etter fleire små blomar
_MG_8139 a
_MG_8163 a
_MG_8166 a
_MG_8175 a
I dag skriv me 23.juni . midtsummar - Jonsok eller Jønsok
- her er lite som minner om sol og sommar, regnet dett i bakken og vinden tek godt i....
Ha ei fin feiring anten du har sol eller regn.

mandag 11. juni 2012

Tur til Dalsnuten

Frå parkeringsplassen på Gramstad,
går vi langs Gramstadtjørn.
Herifrå ser vi toppen vi skal opp på.
_MG_7912 a
_MG_7913 a
- vi ser tilbake mot Gramstadtjørn og parkeringsplassen
_MG_7917 a
- vi går vidare i utmark, litt oppover, mest på flat mark
_MG_7915 a
- langs Revholstjørn
_MG_7918 a
- før vi startar på den største stigninga opp mot toppen
_MG_7919 a
_MG_7921 a
- frå toppen er det ein flott utsikt mot Stavanger
_MG_7932 a
- Vågen i Sandnes
_MG_7939 a
- går ein litt ut på kanten,
ser ein ned på Dale som ligg rett nedanfor Dalsnuten
_MG_7951 a
- vi ser nesten heile stien vi har gått på
_MG_7943 a
- etter ein god matpause på toppen, går vi nedover igjen,
går på motsatt side av Revholstjørn
_MG_7953 a
- her har vi ein ny stopp, kviler oss i solsteiken
og ser tilbake mot toppen vi var på
_MG_7959 a
- Dalsnuten ligg i Sandnes kommune og er 323 meter over havet.
Dette er ein populær tur å gå, både for store og små.