mandag 29. januar 2024

Grå og vårleg dag ved sjøen

Endeleg ein dag utan sterk vind og mykje nedbør..
Det er vårleg i lufta,
og fint å vandre langs sjøen
det er fint å lytte til bølgjenes melodi
mellom rekved, tare og tang
ligg ein ball som fanger min oppmerksomhet


bølgjene slår kvite mot land


langt der ute sit skarven på sin stein



sola kjem ikkje gjennom det lette skylaget

denne har bølgjene hatt med seg til land,
for kort tid sidan.
Den var der ikkje når eg gjekk forbi for litt sidan


ein grå dag, men likevel fin og fargerik
 

mandag 15. januar 2024

Snø på Bø

Det har vore veldig stille frå denne kanten..
Det meste vart sett på vent før jul,
då eg vart beordra i sykesenga,
i påvente av operasjon på eine auga.
Med dårlig syn, og sliten kropp,
har turer og kamera ikkje vore det eg har hatt mest lyst til..
I dag vart det ein liten luftetur på eigne tufter.
Mr. Canon fekk og litt frisk luft..
sol og delvis blå himmel i aust

mørke skyer kjem inn frå vest



frisk luft, uansett om turen er kort,
gjer godt på både kropp og sjel.
Håper det snart lager seg for fleire 
og litt lengre turar.