søndag 17. mai 2020

Hurra for 17.mai

Gratulera med dagen!
Eg ynskjer alle ein fin dag

Rogaland Arboret

Eg har funne veien til Rogaland Arboret,
litt vind og gråe skyer
med innslag av regn og litt sol
 Andre hadde og funne veien hit i dag,
eg såg ikkje så mange,
haurde mest lyden av store og små
 her var fint å sitje ned
kjenne roen senke seg og la tankane fly
 ei stokkand kom nærmare og nærmare
kikka på meg lenge og vel
kanskje det pleier å vanke litt mat når nokon sit på denne benken
 fargane vart litt prega av grått drag i lufta og litt regn
 eg kom hit med tanke på blomstring i rodondendrondalen..
det var fleire enn eg som vart litt skuffa,
det var kun eit par tre som det var blomar på
 det har nok vore litt for kaldt,
men med eit par dager med varme,
så er nok alle i full blomst.
ein fin rusletur blant blomar, busker og tre.

onsdag 13. mai 2020

Heima på Bø 13.05.2020

Endeleg har fått heim eit etterlengta nytt objektiv.
Eg hadde eit tilsvarande, som ikkje ville samarbeide meir,
Eg måtte bare ut og teste det nye objektivet.
 eg rusler på eigne tufter
på traktorveg og sti
langs steingard
åker og eng
sol og skyer
her på våre tufte, for første gong i år
haurde eg vipeskrik og såg viper som fauk opp 
 bonden har sådd i åkeren
somme stader er dei første grøne spirene å sjå
 skyer er alltid like spennande
form og farge endrer seg heile tida
 det gamle treet held seg oppreist enno,
kun ei grein eller to har knekt i alle vindane
som har feia over Jæren siste året
 den gamle kyrkjegarden 
eit motiv eg aldri går lei
 første biletet med nytt objektiv...
like utanfor fotobutikken i Stavanger
eg måtte jo bare gjera ein test.
Ha ein fin kveld, der du er.

fredag 8. mai 2020

Dagens og litt til

Dei første bileta 4 er frå dagens runde.
sol, vind og mange flotte skyer
 Det spirer på Nærland
 Nærland strand
 Åna/Opstad
 eigentleg skulle bileta vore i omvendt rekke følge,
for dette er for nokre dagar sidan
i nærheten av Rimestad
dette dager før der igjen...
 langs vegen Salte-Skeie
her lyser hestablommen(løvetann) gult i gult
overalt nå
 Nærland
 bondens åker er fortsatt svart
(same jordflekk som i dag er blitt litt grøn)
 ut mot havet (Nærland)
Ha ein fin dag der du er

tirsdag 5. mai 2020

Brusand-Holmestø-Kvasshein fyr i morgonsol

Turen starter ved hovudvegen på Brusand
eg går langs Fuglestadåa, som har lite vatn
 min sti svinger i nordleg retning
 mot Holmestø
 vidare mot ei lita strand
 over ei steinstrand
 mot Kvalbein strand
 her er fint å gå
nesten ingen andre å sjå
sol varmer
vinden set spor og driv sanden i små hauger
 bølgjene plasker lett mot land
 snart ved enden av strand og sand
  stien slynger seg vidare 
mellom stein og tuer
på bondens åker og eng
 gjerdeklyvere har vi mange av på Jæren
 Kvassheim fyr - mitt mål i dag
Ha ein fin dag der du er