tirsdag 31. mars 2020

Kveldsstund ved sjøen, Nærland 31.03.2020

Ein liten luftetur ved havet,
ei kveldsstund,den siste dagen i mars
 sola var godt gøymt bak blå/grå skyer
 men sende ei ståle og ned i havet,
langt der ute
ein tur langs sjøen,
frisker opp
uansett vær og tid på døgnet.
- lytte til fugler og bølgjer,
og kjenne roen senka seg
Ha ein fin kveld, der du er.

lørdag 28. mars 2020

sol opp og sol ned..

Går en sol ned for deg,
så stå ikke og se mot vest.
Se mot øst.
(ukjent)
 det lysner av dag
Det var godt å ta turen ned til stranda
 Frisk bris frå nord,
gjorde at det var kjølig og luftig.
 eg hadde stranda heilt for meg sjølv
  sola forsvann fort ned bak disen
Ha ein fin kveld!

torsdag 26. mars 2020

Dagens... Bø 26.03.2020

Det går mot slutten av karantenetida,
Eg kjenner lysta til å gå tur andre stader,
blir sterkare for kvar dag.
Enn så lenge,
så vandrer eg på heimlege tufter
 i dag er det små ting,
som fanger mi interesse
steinen og festet til grinda,
er det einaste som er att av det gamle markaleet (grinda)
 mykje vind dei siste dagane,
har tørka ut mang ein søledam
 fotspor i det som var våt mold
 himmelen er blå/grå
og det heng ein dis i lufta
 mellom grass og stein
fann eg eit lite hjerte
 runden er ikkje så lang,
så det er eigentleg ikkje nødvendig med mat og drikke
(mest for fotoet si skuld)
eg pleier ikkje å sitje ned,
men det var ein del av turen i dag.
Sitje ned,
lytte til fuglane
kjenne roen
her inne i naturens "gapahuk"
 det er lenge sidan det gamle markaleet har vore i bruk
no står det der,
og minner om svunnen tid.
Ta vare på deg sjølv i desse tider,
bruk naturen for det den er verdt,
kort eller langt,
det er alltid noko der ute 
som kan vera til glede og oppmuntring,
eller som kan  få tankane over på andre ting.
Ha ein god ettermiddag/kveld der du er.

lørdag 21. mars 2020

Dagens.. Bø 21.03.2020

Ny runde på heimlege tufter
 her er mangt å sjå,
om ein bare tek seg tid til å sjå rundt seg
 her kan ein nyta stillhet og ro
lytte fuglesang
kjenne sol som varmer
 
 i utkanten av jordet, 
øverst opp bakken,
ser ein utover Nærbøbygda
og ut mot havet
 nakne tre som venter litt meir varme
langs mang ein steingard
 her og der,
 ei lita sky mot blå himmel
Ha ein god lørdag

fredag 20. mars 2020

Store skyer over heimlege tufter

Ein fin vårdag på Jæren
Min luftetur går på heimlege tufter
 store fine skyer lager liv mot blå himmel
 fuglane syng og sola varmer
 på desse kanter er nok bonden snart i full gang med våronna
Ha ein god dag, 
der du er.

torsdag 19. mars 2020

Luftetur på eigne tufter

Etter ei reise i utlandet,
er det og min tur til å halde seg heime i 14 dager..
Det gjer eg lett,
for å prøve å unngå smitte,
eller eventuelt smitte andre.
Eg er ikkje sjuk.
 Når det først er slik,
så er eg glad eg bur slik til,
at eg har store område rundt huset,
og kan gå ut, utan å møte andre.
 det hender ofte eg rusler rundt på eigne tufter,
her er så mangt å sjå og høyre.
 no er det vår,
fuglane syng 
det spirer og gror
 steingarder har vi mange av
- tenk om steingarden kunne fortelja,
ja, det hadde nok blitt ei historie om mangt,
om slit, om glede, om gode og vonde år
 i hagen lyser det blått i blått
ein treng ikkje fare land og strand,
for å finne mangt å gle seg over.