onsdag 28. juli 2010

Ved sjøen...

Skyene hang tunge over oss
då vi køyrde sørover til målet for dagens utflukt.
.
Det var likevel varmt, og uteverande...
.
Ein stille plass
der ein kan lytta til bølger som slår mot land,
.
og sjå på båtane som dreg utover Norda sundet.
.
Godt drøs, og samver med venner

god mat
.
båtliv og fiske - ingen fisk
.
Det var innhaldet i denne dagen
.
ute på bryggekanten (til regnet kom)
.
ved ei sjøbu på Egerøy.

mandag 26. juli 2010

Til fjells...

I dag går turen til Giljastølen
.
kor vi er invitert til ei hytte mellom buskar og tre
.
her ventar vertskapet
og hunden Scotty
.
Etter at magane er blitt fyllt opp av god mat og drikke
er det tid for ein spasertur.
.
Vi har valgt å gå gamlevegen
frå Giljastølen
og ned til Frafjord.
.Denne vegen vart stengd for biltrafikk
då tunellen kom, for nokre å tilbake.
.
Vegen er smal, og det hender at steinar rasar ut frå fjellsida.
.

Våre venner studerte naturen på vegen
og var interessert i få vita meir om det meste.
.
Vegen var lett å gå - kun nedover :-)
men jammen var det lenger enn vi kunne hugsa
frå den tid vi sat i bilen og køyrde ned....
.
I mellom høge fjell ligg den vesle bygda Frafjord
.
Her ventar to bilar på oss
for å bringa oss opp att til hytta.
.
Vår tyske venn takkar for seg på vanleg måte,
og til stor glede for andre hyttefolk i området.
Vi ser ingen, men applausen kjem frå skogen ein stad.

fredag 23. juli 2010

grill, fiske og tur

Vi vakna på ny opp til ein grå, tung, og regnfull dag.
Med tanke på ettermiddagens uteliv,
var veret eit stort tema.
Vi gjekk alle og kikka opp mot himmelen,
vi venta på sola som vi var lova....
.

Sola kom, og skein frå nesten klar himmel
då vi ankom vårt mål denne dagen.
.
På Sikvaland i Time, venter vårt vertskap
med båt og bål i fin natur.
.
grilla pølser over bål, på eigen spikka pinne
var nytt for våre venner
.

Ungdommen for utpå vatnet
for å prøva fiskelykka
.
medan resten av gjengen gjekk tur
oppover liane
.
midt i bakkane møtte vi nokre folkekjære geiter
.
dei ville nesten "eta" oss opp.
.
for dei som er vande med å gå tur i asfaltjungelen
vart dette ein fin og opplevelsesrik tur
i vår vakre natur.
.
også her vart det rom for litt sekkepipemusikk
.
ein fin avslutning på ei kjekk stund

ein ettermiddag/kveld ved Tjålandsvatnet.

torsdag 22. juli 2010

Lygra kyrkje

i Lindås kommune er bygd i 1892
det er ei langkyrke og byggverket er i tre.
.
vi hadde ein kort tur innom kyrkja
.
for å visa ho fram for våre venner.
.
når eg er på reiser i inn og utland
tykkjer eg alltid det interessant å besøke kyrkjene rundt omkring.
.
og vert alltid like imponert over byggverka
og kor mykje arbeid som er lagt ned
og kor mykje dei fekk ut av dei pengane dei hadde til rådighet.
.
denne kyrkja er ikkje av dei største
heller ikkje den med mest gull og glitter
men ein finn mange små detaljer
som må har krevd mang ein arbeidsneve
for å få arbeidet gjort.
.
Når ein går ut av kyrkjedøra
ser ein rett ut på fjorden
med holmer og skjær.

onsdag 21. juli 2010

turist i Bergen by....

veret var ikkje det beste då vi sette oss i bilen
for køyra til by'n.
Regn, yr og skodde var med oss på vegen.
.

Turen i Gamle Bergen var flott
.
koselig å rusle rundt her
.
skyene hang lågt over byen
men det var ikkje lenger nedbør
og vi såg at skylaget steig oppover fjellsida.
.
Fløibanen var neste mål
.
inne i byen var det no godt
sola hadde begynnt å varma
.
på veg oppover
såg vi skodda som enno låg over byen
.
det tjukna til og skodda var som ein vegg på toppen
.
tog etter tog kom opp med turister
og alt dei fekk sjå,
var ein grå vegg....
.
ja, ja, veret kan ein ikkje gjera noko med.
Vel nede att kjende vi igjen at sola varma
og vi såg tilbake mot Fløien...
- skodda var no heilt borte frå toppen....
sånn kan det gå.
.
Rundt fisketorget var det eit yrande liv,
og språk frå alle verdenshjørner.
Herifrå går turen rundt om i byen
vi var innom parker, bryggja
- slikt som turistar helst vil sjå.
.


Ein fin rundtur i ein koselig vestlandsby.

tirsdag 20. juli 2010

Lyngheisenteret, Lygra

Ved Seimsfjorden finn ein Lyngheisenteret.
Her har dei teke vare på lyngheiane
- lyng og andre vekster som er borte andre stadar
kan ein finna her.
.
Somme ankom via sjøvegen i båt
andre med bil.
.
Det er for tidleg for lyngen,
no er det myrull og småblomar ein ser mest av.
.
- ein fin plass for turgåing
.
her er ope og lite tre å sjå.
.
Denne blomen som me trur må vera ein slags orkide
såg ein over alt.
.
På senteret har dei forskjellige utstillingar og tema
- no var det "ein arbeidsdag" det handla om.
.
Å hesja
- at nokon tørkar høy på gamle måten
.
ser ein ikkje ofte i dag.
.
Vår rundtur er over,
vi set på utsida av senterbygningen,
vi nyt utsikten
.
og lytter til vår vesle "private" sekkepipe konsert.
Vår venn her er med i eit sekkepipeorkester heime i Tyskland,
og spelar gladelig for sine venner.