søndag 25. februar 2018

På vandring langs Jærhavet

Sola skein på biene på låven,
Hå gamle Prestegard
 eit tynnt skylag heng over Jæren,
og stengjer for sola av og til
 Håelva
Håtangen
 Voien/Håtangen
 Selvåg
 Selvåg
 Vibå æ komen
 Nærland
 Nærland
 Nærland
 Nærland, i motlys
 Refsnes
 Refsnes
 Refsnes, i motlys
_ mange hadde funne veien til strendene i dag.
Gradestokken er nok ned mot null,
likevel er det ein anelse av vår i lufta...
Heime i hagen står snøklokkene i blomst..
- våren er på vei...

mandag 19. februar 2018

Hellestø og sørover

rim i graset
sol som varmer
vindstille
myggen og meg i solveggen
I dag er utgangspunktet Hellestø strand, Sola Kommune
 sola er på vei opp bak åsen,
og har ikkje nådd heile stranda enda
 eg rusler sørover
 Hellestø strand
 mange, både to - og firbeinte hadde funne veien hit i dag
 eg passerer Byberg,
og kjem over i Klepp Kommune.
- her fann eg ein liten benk i solveggen.
Der hadde eg ein liten rast, 
 i lag med ein liten myggsverm, 
som surra rundt meg.
nistepakken fekk eg ha i fred - heldigvis
 frå solveggen ser eg sørover mot Sele,
ein einsleg surfer venter på rette bølgja
 eg studerer båttrafikken utanfor Feistein
 vel, våren er ikkje komen heilt ennå,
det vart litt kjølig å sitje stille...
det er vel slik det er på desse tider,
varm - av med klede
kald - på med klede
 eg rusler tilbake til Hellestø
naturens eigen kunst
 stadig nye båter sig forbi..
ein fin tur, ein vakker vårdag på Jæren

søndag 18. februar 2018

Orre strand

grått og blått
 regnfullt og vått
 friskt og flott
ein våt men god og frisk tur på stranda

lørdag 17. februar 2018

Tur langs sjøen

isolskin og frisk vind
vart det ein tur langs Nærland strand mot Refsnes
 både to og firbeinte hadde funne veien til sjøen i dag..
 smil til verden...
 snø og is er snart borte,
så her er lett å gå
 mot Refsnes
ein kort og luftig, men fin tur...

fredag 16. februar 2018

Håtangen under mørke skyer

Regnbyger kom og gjekk heile føremidddagen.
Akkurat i det eg kom ned til Nærland,
så klarte sola å sende nokre stråler mellom skyene..
 litt snø her og der,
rester etter rennedrevet ( = snø og vind) i går...
 ein liten blå flekk på himmelen
 ser ein ned mot Håtangen, er himmelen mørk
 eit yrande fugleliv i Voien
 utanfor Tangen slår bølgen kvite mot land
 Selvåg strand
 vinden er frisk,
himmelen blir mørkare
snart er det nedbør i lufta att
 den vesle fyrlykta 
står nesten uti sjøkanten
 skarven har flytta på seg,
inn på land,
 berre eit par av dei tøffaste
held fortsatt til ut på steinane,
der dei vanlegvis pleier å vera.
-bølgjene går til tider over desse steinane
 Obrestad fyr på andre sida
skarven på steinane nede til høgre
 ein kan sjå kva vei vinden bles i går...
det vart kaldt og vått,
-turen tilbake til bilen, vart utan stopp....