søndag 28. februar 2021

Vår i lufta

Det skifta fort frå vinter til vår
snøklokkene er snart i full blomst
når isen var borte,
var det mange vanndammer over alt,
det er fortsatt frost i jorda,
og vatnet får ikkje sige ned
skispor utan snø
grøne blad mellom fjorårets visne strå og lauv

liten spire
mose på stein

i mine auger,
eit fjes i stein
bregner grøne og fine

blome i stein
knutepunkt
første del er frå rundtur på eigne tufter
Ein dag eller to seinare,
ein tur på stranda.
Snø og is er borte,
det er mellom regnbyger 
litt vind
grått i grått er og flott
Nærland strand

Refsnes på andre sida av bukta
snart vert det brune og grå
bytta ut med grøne spirer
og fargerike blomar

naturens eigen kunst, i sand
ha ein fin dag, der du er.

I solnedgangen

Her kjem eit siste innlegg frå vinterlige dager på Jæren
denne dagen passa det å ta turen til stranda,
i solnedgangstida.
Stranda er full av spor,
og vitner om at mang ein Jærbu,
har funne veien til strendene desse fine vinterdagane.
temperaturen er på vei mot pluss,
det er heilt vindstille
sol og blå himmel
mykje is langs strand og stein
stillhet og ro
nokre ender held seg i sjøkanten

fine isskulpturer

i dag vatnet lågt,
eit sandstripe er komen fram,
mellom isen og sjøen
eit fint og vakkert øyeblikk


det er som om ein ikkje kan sleppe taket,
ein får bare lyst til å bli i nuet
kjenne på stillhet og ro
og ta til seg av det som naturen byr på

lørdag 27. februar 2021

Tur på strand x 2, Nærland og Bore

Det er fortsatt fine vinterdager
sola skin frå blå himmel
men det er ikkje lenger så kaldt
dette blir eit innlegg frå to dager og to turer på strand
sjølv om isen ligg tjukk kring steiner og langs strand
ser det ut til endene har det greitt der ute blant is og stein
fleire meter med is utover før det er open sjø

Nærland strand
isen hat blitt til kunstneriske innslag lag stranda



Langs Bore strand var det mange spor etter ski og sko 
mang ei sjel gjekk på ski i fine spor

Bore strand mot Sele strand
Figgjoelvas utløp deler strenden

deler av stranda er fyllt med is
elva renn stille ut mot havet

langt der ute er Feistein fyr
Der er nok fint på ein slik fin dag..
God lørdag!