torsdag 31. mars 2016

Storfossen, Tana Kommune

Det går mot slutten av mitt opphald i Finnmark,
og dei siste dagane har vi base på Storfossen Camping.
Campingplassen ligg ved Tanaelva.
Grensa mot Finland går sånn omtrent midt i elva.
 - her er solrike og kalde vinterdagar
vindstille og friskt
 - det er stille 
når eg vandrer på mine morgonturar
 - det er fint å lytte til fuglekvitter
og snø som knirker
 - åsen der borte er på finsk side av elva 
 ski og scooterspor ser ein over alt
 - her er mange spor etter ryper og større dyr 
 - lette lange skyer strekkjer seg over dalen
- siste morgonen er sola gøymt bak grå skyer
- eit lett snødryss har lagt seg i løpet av natta
 - min sjåfør og eg setter kursen austover mot Kirkenes
 - vi køyrer eit stykke på Tanaelva..
- kvar vinter når isen har lagt seg,
blir dette brukt som offentleg vei,
mest for å spare tid og kilometer 
 - Frå Kirkenes gjekk turen vidare med Widerøe 
og "melkeruta" langs Finnmarkskysten
Vi var innom 5 småflyplasser før vi ankom Tromsø.
.
Vadsø, ein 10 minutts flytur frå Kirkenes
 - maskinparken på flyplassen
 - flyruta gjekk akkurat så langt ute over sjøen,
at det var mulig å sjå "toppen" av Norge
 - små bygder og øde strekninger 
snøkledde fjell, holmer og skjær
 - sola var med oss store deler av turen
- ein spennande og fantastisk avslutning
på ei opplevelsesrik reise i Finnmark.

onsdag 30. mars 2016

Sirma, Tana

På mi reise gjennom Finnmark,
har eg nå forflytta meg austover til Sirma,
ei lita bygd ved Tanaelva, i Tana Kommune.
 - det er ikkje muleg å ta seg fram utanfor brøyta veg
 utan scooter eller ski på beina,
Sidan denne fotografen liker seg best utan ski,
blir det begrensa kor ein kan gå
- på trea ligg snøen som smykker 
 - fuglane må nok venta ei stund til,
før dei kan flytta inn i reiret sitt...
 - her møtes slekt og venner til konfirmasjon. 
Eg fekk lov å delta,
 som ekstra gjest og fotograf
 - koftene har ulike farger og detaljer
 - alle kan sjølv velgja sølv og fargekombinasjoner
- konfirmanten
"ser" mot Tanaelva
(og Finland på andre sida av elva)
- dagen går mot kveld
 - ein fin festdag er snart over..

mandag 28. mars 2016

Karasjok

På mi reise i Finnmark 
vart det eit par dagers stopp i Karasjok.
Her er nattefrost rundt 20 minusgrader, 
og opp under 0 midt på dagen
Sol, vindstille og 10-13 minusgrader 
når eg vandra på mine morgonturer.
klar blå himmel
sol som varmer 
 kvit snø som knirker når ein går
fuglekvitter
dyrespor i snøen
det er bare fint å vandre her,
 ei tidleg morgonstund
 - store og små dyr har vandra her
 - det er stille i bygda på denne tida
 - det er nesten ikkje til å tru,
"gåsungane" som vi seier på Jæren
er på vei til å springe ut...
 - sametinget
 - bildeserien er frå fleire morgonturar
- ingen vet hvor haren hopper...
han har i allefall vore her..
 - reinsdyret i skogen, 
rett utanfor huset der vi bur
 - spor i snøen utanfor huset
 - scooterløyper ser ein over alt
 - mangt eit dyr har vandra i området
 - morgonsola kjem såvidt ned til skogbotnen
 - på ein biltur tilbake frå Finland vert vi stoppa.
Reinen skal flyttast til eit anna område,
og treng ro når dei skal passere veien.
 Vi får sjå det heile på avstand
 - det er ein storflokk
 - dyra samla seg på andre sida av vegen
 ( bileta er ikkje av beste slag)
vi får sjå den store flokken når vi får fortsetja å køyra
 - bilrekka var lang og det var ikkje råd å stoppe her,
så bileta er tekne frå bilen, i fart
- det fint å sjå andre deler av dette langstrakte landet vårt