Viser innlegg med etiketten bygningar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bygningar. Vis alle innlegg

tirsdag 9. mai 2023

Kjervall, Egersund

på vegen innover mot det gamle tunet på Kjervall,
går vi langs Sauatjørna
det er ikkje så ofte at vi er her nå,
nå som bindeleddet mellom oss og dette området, er borte
eg trivs veldig godt her,
og må ta ein tur ein gong i blant

her er stillhet og ro
fuglesang
sauer som breker
sola varmer
vinden rusker i mitt hår




det gamle tunet på Kjervall
var i mange år, eit samlingspunkt for oss.
Sjølv om bindeleddet er borte,
har vi fått lov å bruke plassen så ofte vi vil
eg kjenner meg litt "heime" når eg er her
mange gode minner kjem fram

Ingen veit når vi finn veien tilbake,
men ein dag er vi der igjen....
Ha ein fin dag der du er.

fredag 10. juni 2022

Familiedag på Kjervall

Sola skein frå blå himmel,
ein liten bris
ein fin sommardag i Rogaland.
Kjervall, Dalane, 
er eit gamalt nedlagd gardsbruk.
Vi har fått låne plassen av dei nåverande eigarane.
Ein plass vi var meir knytta til
for nokre år sidan.
Sauene beiter like utanfor tunet,
barnebarnas store glede
guttane har vore heilt klar
med sekk og niste
sidan tidleg morgon
fisking frå brygga
er gildt for store og små
guttane på brygga
tunet har fleire bygningar som er godt tekne vare på

stien mot skogen vart ikkje brukt av oss denne dagen
naustet
to av fire,
guttane fekk fisk til kvelds
med fiskestong i handa
på ein passeleg stein
og kjøler ned føtene samtidig
bestemor med kameraet vandra litt her og der

denne plassen har mykje å by på 
for ein ivrig hobbyfotograf






for denne gjengen vart det stort sett fisking frå brygga,
heile tida vi var der


ein fin og gild dag for 4 + 3 generasjoner.
Guttane var så heldige å ha med seg
to x besteforeldre og 1 oldemor
i tillegg til mor og far.

lørdag 14. mai 2022

Ein dag i Oslo 1

På vei til eit 3 dagers kurs utanfor Oslo,
vart det eit kort stopp i hovudstaden
Morgon på jernbanetorget
ein tur oppover Karl Johan
Domkyrkja
mange fine bygninger langs gata,
om ei berre tek seg tid til å løfte blikket litt


framfor Stortinget
var det ein fredelig demonstrasjon.
Putin, Russland og Ukraina,
var dei einaste orda vi fekk med oss
det var ingen kongevink frå slottet denne dagen...
her og der ser ein blomane strekkje seg mot sola,


det går mot kveld
sola bak spiret på domkyrkja,
speglar seg i hotellvindauga
det er stille i havna

Ein fin, solrik og litt kjølig vårdag i Oslo

fredag 18. mars 2022

Bodle og Varhaugsstøene

Eit einsleg naust står i Bodle
like bortanfor står kvernhusa 
dei to små husa er tekne godt vare på
Tjeld i flokker fyk opp når eg går forbi
og kvitrer sin melodi
bølgjene bygger seg opp
før dei slår kvite mot land

Varhaugsstøene
herifrå rodde Varhaugslosen ut, i si tid
steinrike Jæren

stein har alltid vore brukt som byggematerale
 i hus, hytter, uthus, løer, naust m.m.
trevirke var det mindre av,
men vart brukt på deler av bygga.
eg sat lenge i solveggen
kjente sola varme om kinn
lytta til bølgeskvulp og fugleskrik
det er ei fin tid vi går i møte
det var mest som om eg ikkje hadde lyst å ta turen heim att.