fredag 24. januar 2020

Skyer på Nærland og Håtangen

Sola er i ferd med å kome godt gjennom skylaget,
etter regnbyger tidlegare på dagen.
 sånn midt mellom regn og sol,
når skyene går frå å vera ein grå masse,
til skyer i alle fasonger og farger,
det er ei fin tid å fotografere.
 for meg blir det meir liv i landskap og himmel
 skyer og lys endrer seg stadig
 eg drøymer meg vekk i fantasiens verden
 her på Jæren kan vi sjå lange skyer,
skyer som strekkjer seg langs hav og hei
 Håtangen i panorama
her er slørytynne skyer
 og langt der borte ligg skodde/regnskyer som ein vegg
Ha ein fin dag der du er..

onsdag 22. januar 2020

Skyer og farger i solnedgangen

Fotoserie utan ord
- frå dagen solnedgang
Ha ein fin kveld

onsdag 15. januar 2020

Høg sjø langs jærkysten

Det er meldt om høg sjø og stor fare for flaum,
langs store deler av kysten i Sør Norge.
Det var ein flaumtopp i natt,
og det var meldt om ny flaumtopp i ettermiddag.
 eg måtte ein tur ned til sjøen,
for å sjå bølger, sjø mm
 Sjøen dekker store deler av strand,
men eg vart likevel litt overraska,
det var ikkje så galt som eg hadde forestillt meg.
 men likevel fasinerande å studere bølgjenes rulling mot land
 eg forflytta meg til småbåthavna på Obrestad.
 somme stader skvulper bølgjen opp kaien,
sjøen går nesten opp til kaien
 utanfor moloane,
går sjoen kvit, med store bølgjer,
somme slår går høge når dei møter moloen
 vinden aukar på og det vert uro inne i havna
båtane slår mot kvarandre
  eg vart nesten litt skuffa,
etter alle meldinger om høg sjø og vind,
så hadde eg nok sett for meg verre ting enn dette.

Ein solskinsdag, innimellom mange uværsdager

Etter mange grå og våte dager,
kom denne dagen med blå himmel, sol og vindstilla.
Eg tok turen til Brusand,
rusla langs Fuglestadåa,
der elv møter sjø
 det var mykje vatn i åa,
så det var ikkje råd å ta seg over til Brusand strand
 Holmestø - der dei tre røde nausta ligg,
var eit turmål for mange.
det sat folk fleire stader og kosa seg med kaffi og niste.
Andre gjekk vidare,
det som var felles for alle:
dei hadde god tid, og sekk på ryggen.
Folk var ute for å nyta denne gode og fine dagen.
 her i bukta, var det sogar ein frisking som bada
 på returen,
byrja det å danne seg små lette skyer på himmelen
 skyene speglar seg i speilblank å
då eg forlot Brusand,
hadde eg akkurat nok tid til å forflytte meg til Nærland,
før sola gjekk i havet
ein fin dag går over i ein stille og rolig kveld.

onsdag 8. januar 2020

Skyer, sol, vind og regn på Sele

Etter ei våt og stormfull natt,
løyer vinden 
og sola kjem fram frå skyene,
 av og til
 I Sele havn
slår bølgen kvite mot moloen.
Det ser ut til at husa på Feistein,
har overlevd nok eit uvær.
skyene vert mørkare
vinden auker på 
 det er nok like før det kjem meir regn 
 ved Sele strand
  vanndammer finns det over alt
 vinden tek godt tak,
då eg gjekk over sanddynene
og ned på stranda
 det var eit farge/skye skue
då solstråler kikka fram frå skyene
 ut mot Feistein
vert det meir grått og blått
 ein måke så stanhaftig i vind og bølgjer
ein einsleg kiter prøver seg i vinden
 motlys
 sol mot regnfull himmel
 eit godt måltid for nokon
 så kom regn og hagl med full fart mot bakken
vinden aukar på,
og denne fotografer rusler tilbake mot bilen