Viser innlegg med etiketten Eigersund Kommune. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eigersund Kommune. Vis alle innlegg

søndag 6. september 2026

Kjervall, Egersund

Turen går i dag til Kjervall, Egersund
Eit lite nedlagt gardsbruk,
som vi får lov å bruke, av eigaren.
For nokre år sidan,
var vi her ofte,
men ting endrer seg,
og det er ikkje lenger naturleg å reisa hit så mykje. 
Eg sender sjåføren innover med bilen,
og går siste stykket.
Kjervall er ein fin plass,
der roen senker seg,
og ein kan bare nyta.
Det er ca eit par år sidan eg lufta speilrefleks kameraet sist,
så eg kjenner at kunnskap må hentast fram att.
det går mot haust,
og allerede nå er det litt haustfarger

                              







når bilen stopper på tunet kjem sauene springane,
dei lager mykje lyd,
eit signal til alle dei andre
- dei trur det er mat å få,
og kjem etter oss kor vi går,
- på utsida av gjerdet rundt tunet





dei har store beiteområde,
men det smaker visst bedre, det utanfor gjerdet


to tek livet med ro,
og får med seg alt frå sin plass,
innimellom trea
litt "lange i maska" ser dei oss avgårde
denne hadde sitt å sei, for vi drog...
dette er eit populært turområde,
og ein kan gå til fleire turmål,
utfrå "bilveien" innover.
God søndag!

mandag 15. september 2025

Kjervall, Eigersund kommune

Det  er ein grå regnværsdag,
men opphald så lenge eg var ute
av og til kom sola gjennom skylaget

Det går mot haust,
litt haustfarger på tre og gras
her er så fint å vandre,
og lytte til stillhet og ro




brått var det slutt på stillheten,
ein konsert der sauer både bakanfor og framanfor meg deltek


tilslutt spring alle sauene i same retning
forsatt har dei ein høglytt konsert
i same fotspor som bjellesauen
eg måtte le når eg såg dette
alle sauene har flokka seg rundt bilen,
der min sjåfør venter tålmodig..
sauene er kanskje vant til å mat frå eit kjøretøy

tydeleg vande med folk som ferdast
litt nysjerrige på fotografen
snart oppdager sauene at det ikkje er mat å få,
og tusler vidare kvar sin veg
Det vesle tunet på Kjervall,
Det blir ingen rast der i dag.
Ny regnbyge er på veg, 
og med bil setter vi kursen, 
nedover mot hovudvegen.

søndag 8. oktober 2023

Kjervall, Eigersund kommune

Ein fin og vindstille haustdag.
Turen går sørover til Eigersund kommune
enno er ikkje haustfargane på topp
men her og der har blad og gras bytta farge
fine speglingar i vatnet




som vanleg, når vi er på desse kanter,
så har vi rast på det vesle tunet på Kjervall




ein tur nedom vatnet,
er og ein del av det å besøke denne plassen



mange gode minner frå ei svunnen tid,
om tider då vi var oftare her. 
Plass, natur, stillhet og ro,
ein fin plass, der eg liker meg godt.