fredag 12. desember 2014

Etter ei mørk og stormfull natt...

- tek eg turen til stranda for å gå tur.
Skyene er store, mørke og fasinerande,
bølgjene går høge og kvite,
og vinden rusker godt i mitt hår.
 - det er høg sjø, og bølgjene slår heilt inn til sanddynene
 - det er ikkje mogleg å gå på stranda
 - vi flytter litt på oss,
og går utover på Håtangjen/Voien
 - I Selvågen ser vi mange fuglar,
bølgjene slår over stranda og heilt inn på bondens mark
 - det er nesten sjø og bølgjer på alle kanter av nausta og fyrlykta på Håtangen
 - sjøen har nok gått over veien når det storma som verst,
og danna ei lita øy ytterst
 - store kvite bølgjer, skyer i mange former og farger,
kald vind, hagelbyger og regn
- Jærkysten har mykje å by på,
også på grå og kalde dagar...
 - på andre sida av bukta, litt lenger sør,
i disen av sjøsprøyten, kan ein sjå Obrestad fyr
 - vi gjer ein kort sving nedom Obrestad havn, 
før vi dreg heim.
Her kan ein sjå kor høg vannstanden er,
båtane ligg nesten jamnt med kaien.
- av forskjellige grunner har det blitt få bloggeinnlegg i det siste.
Eg satser (håper) på meir uteliv og turar i tida som kjem.
Tusen takk for alle tilbakemeldingar eg får,
det set eg stor pris på.
Det er morro å høyra at eg er til glede og inspirasjon for andre.