søndag 29. september 2013

Kveldsstund på Obrestad

Sola er på vei ned, det er stille og rolig,
når eg rusler rundt på Obrestad, på jakt etter fotomotiv.
 - Obrestad fyr
 - Obrestad havn
 - fine skyer heng lavt over sjøen
 - sola går snart i havet
 - ikkje den mest fargerike solnegangen,
men likevel vakker og fredfull
 - det er stille i Obrestad havn
- sola har gått ned og mørkret kjem sigande.....
- Ei fin kveldsstund på Obrestad.

tirsdag 24. september 2013

Ein fin haustdag, på Hå og Håtangen.....

 Vi er komne langt ut i september, 
- sola skin frå blå himmel, og gradestokken viser nærmare 20 grader
- det er ein jærsk "indian summer".
Med Hå Gamle Prestegard som utgangspunkt,
 - rusler eg mot Håelva
 - elva er stor, og det er fint å gå og lytte til elvebruset
 - der elva møter havet vert det stille,
Lyden frå elva er bytta ut med kvitrande fugler.
- eg rusler over den vesle stranda
 - før eg svinger opp frå sjøen.
- Eg ser over vika til Håtangen
 - eg rusler langs steingard
 - og over bondens beitemark
 - tilbake til utgangspunktet.
-  Hå gamle prestegard er en tidligere prestegård som er gjort om til et moderne kunst- og kultursenter. Prestegården på Hå ligger vest for Nærbø i Hå Kommune, og er fra 1637.

fredag 13. september 2013

Septembermorgon på eigne tufter.....

Skodda låg som eit teppe over landskapet,
 i det sola var på veg opp bak åsen....
 - etter kvart kom sola fram
og det vart ein vakker solskinsmorgon
 - eg gjekk ein kort runde på eigne tufter på jakt etter nokre fotomotiv
 - her er litt av det eg fann på min veg....
 - steingardar og enkle trerekkjer - ser ein over alt på Jæren
 - enno står det korn rundt om, som ikkje er hausta
 - fine farger og stillheten pregar denne morgonen
 - det haustast og dyra er ikkje lenger ute på beitet...
 - Ein stor takk for tilbakemeldingar av alle slag,
eg tykkjer det gildt at så mange likar det eg held på med.
Ha ein god dag, alle saman!

søndag 1. september 2013

I mine besteforeldres fotspor....

Her budde bestefar i alle sine leveår,
- på eit anna gardsbruk - langt borte frå heimen til bestefar,
budde ho bestemor som liten.
- så kan ein lure på korleis dei møtte kvarandre, desse to...
- Når bestefar var med og førte dyra til sommarbeitet,
måtte han gå forbi barndomsheimen til bestemor....
- medan bestefar var med resten av familien og dyra innover i heia,
tenkte han nok ofte på veslejenta han hadde sett på veien....
Historien fortel at bestefar må ha vore ein tålmodig mann,
for det seiest at første gong han såg den velse småjenta, då var han allerede blitt ein ungdom....
Åra gjekk, bestefar venta og venta på at jenta skulle bli gamal nok..
Ja, som du nok allerede har forstått, så vart det dei to...
--------
- det er lett å gå veien i dag, då deler av turen innover går på traktorveg,
mot i eldre tider då det var ein smal sti, 
som seinare er blitt steinsett
 - Stølen som i dag berre vert brukt sporadisk, 
til turar, ei og anna overnatting,
ligg vakkert til oppe i lia.
 - mykje hardt arbeid er lagt ned opp gjennom åra med å utbetra sti og bru
 - fem støler er samla på eit tun
 - denne vesle bygningen romma det mine besteforeldre trong...
 - utedoen står plassert slik at med døra open, 
har ein utsikt over dal og fjell, ut mot havet
 - eg vandrer litt oppover lia,
og får ein flott utsikt over området
 - spreke og lette til beins,
ja det vart dei nok, etter å ha gått mange gonger opp og ned her,
for å passa på buskapen
 - ein idyllisk plass, eg skulle ynskja eg kunne besøkt oftare
 - før eg tek farvel med stølen denne gong,
sit eg på steinane i solveggen, og tek ein velfortjent matpause.
Tankane går til mine forfedre,
og på stundene eg har hatt med mine her oppe.
Medan tankane flyg,
får eg auge på denne revebjella som står der åleine tett ved husveggen.
 Ei einsleg revebjelle i solveggen,

rakryggja og vakker i sin ungdomsvår...

Det går mot haust, 
revebjella som no har gjort sin plikt i livet,
er krokryggja og snart avblomstra...

 - Ein del av etterkomarane var og nettop samla på stølen,
der bestemor og bestefar hadde mange somrar saman etter at dei vart gift.
På få dagar har eg hatt to fine turar til stølen.