fredag 31. desember 2010

grått i grått....

Her er 5 grader pluss,
snø og is har snart smelta,
.
-skyene er mørke og tunge,
det er nesten om om hav og himmel går i eitt.
.
- visna gras er som ein fargeklatt i alt det grå
.
Frisk vind om kinn,
bølgesus og havlukt,
måker som kretser over meg
og mjuk våt sand...
Så godt å vera på tur på stranda igjen....
.

- eg vandrar heilt ned i sjøens kant
.

og snart vaskar bølgjene bort mine fotefar...
.


- måtte 2011 meg bringe
mange gode og fine turar ved hav og fjell.
- eit mål og ynskje eg har på lur
eit håp om ein lengre tur....
-på ein topp i norges land eg har lyst å gå
men kor, det vil eg ikkje sei nå.
Godt Nytt År!

torsdag 30. desember 2010

takk for det gamle....


Eg vil ynskja alle der ute

EIT GODT NYTT ÅR!

søndag 26. desember 2010

vinter og snø

Vi har i dag hatt ein kjøretur
gjennom variert natur,
over fjell og langs med havet
i kommunane Time, Gjesdal, Bjerkreim og Hå
var det mykje flott å sjå.
.
Sikvalandsvatnet.
.
Oslandsvatnet
.
Kartavoll
.
Kvassheim havn
.

Temperaturen endra seg frå -7 til -17 grader på turen.

torsdag 23. desember 2010

God Jul - Merry Christmas - Frohe Weihnachten


Eg vil ynskja alle mine bloggevenner
GOD JUL.

mandag 20. desember 2010

Vinterdag på Jæren

Sol på veg opp
.

Træe
.
Varhaug gamle Kyrkje,
.
den vesle kyrkja ved havet.
. Bodle
. Obrestad havn
.
Sol går ned..
.

Eg vil ynskja alle fine førjulsdagar.

onsdag 15. desember 2010

søndag 12. desember 2010

"Vårleg" på Jæren...

Sol frå nesten klar himmel,
vindstille(omtrent) og plussgrader,
det var liksom litt vår i lufta i dag.
.

På min tur gjekk eg langs grøne åkrar
.
steingardar på langs og på tvers
.
- vegen endar nede i strandsteinane
. - ein flokk stokkender på veg ut i sjøen
- dei kom seg i allefall uti,
.

i motsetning til eit par tøffe karar iført badebukse
som aldri kom lenger enn ein joggetur på stranda
- allefall så lenge me haldt auga med dei...
.

torsdag 9. desember 2010

Snø i Garborg sitt rike....

I dag går turen til Knudaheio
Arne Garborg sin sommarbolig.
.

som ligg på heia ovanfor Undheim, Time kommune.
.
- gøymt bak store vindskeive tre ligg den vesle hytta
.
- herifrå ser ein ut over Jæren
. - berre ein einsleg fotograf har gått her denne dagen
.

- rusleturen endar som han starta, ved porten til Garborgs rike.