fredag 30. desember 2011

Godt Nytt År

Ta vare på gode minner,og ønsk at du mange nye finner.
                                                          Alle dager etterlater spor,både hos liten og stor.
Ta ingenting for gitt og ta godt vare på alt som er ditt.
Gi av deg selv til dine venner,
vi vet aldri hvor lenge hvert lys brenner.
                                                                Vi kan ikke endre på det som er omme,
men endre på det som skal komme..

Jeg ønsker dere alt godt i det nye året.

torsdag 29. desember 2011

Friskt og blåsande langs Jærkysten

Den verste stormen er i ferd med å gje seg,
då vi tok turen til kysten
I madland havn slo bølgjene godt over moloen
 
 - Ved den vesle kyrkja ved havet, Varhaug
 - tok vinden godt i liten og stor..
 - Høg vannstand og uroleg sjø i Obrestad havn
 - her slår og bølgjen godt over moloen
 - Der vi kjende vinden aller best, var ved  Obrestad fyr
 - ein måtte slita hardt mot vinden, for å koma ut til kanten
 - her er det flott å sjå ut over det opprørte havet
 Det var kaldt og friskt
men det er fint å vera ved havet på slike dagar og.

lørdag 24. desember 2011

Ingen kvit jul

på Jæren i år....
åker og eng er enno grøne,
dyr går framleis på beite
og gradestokken viser pluss 4-8 grader C.
- ein rusletur ved Frøylandsvatnet 
- her møter eg både hest og sau
 - sola kjem framom skyene eit øyeblikk
og set meir farge på lanskapet
 - snart breier skyene seg utover igjen
 og himmelen blir atter grå.
 - vinskeive og skakke tre langs ein steingard
- er eit vanleg syn på Jæren .
- rusleturen er over
og eg er innom sau huset for å helsa på.
- den tamme væren med nisse hua på og eg
vi ynskjer dykk ein fin julekveld.

torsdag 22. desember 2011

Julehelsing

Eg ynskjer alle ei fin julehøgtid.
I wish you all a Merry Christmas.

onsdag 21. desember 2011

Refsnes strand i morgonsol

Dagen starta med eit vakkert skue i sol renningen
 -  fri frå arbeid og andre oppgåver 
nytta eg morgonen til å gå meg ein tur på stranda
-  Refsnes strand i morgonsol og - 2 grader C
- rim i sanden og fine klare farger
 - det er godt å lytta til bølgjenes sus
 - det er godt å kjenna sola varma om kinn
 - det er fint å sjå på naturens eigen kunst
 - det er godt å kjenna at skuldrene senker seg
 - det er godt å kjenna roen og freden som fyller mitt sinn
 - det er godt å vita at ein kan rusla i roleg tempo
- utan å tenkja på at tida går...

Ja, det er godt med slike dagar innimellom....

mandag 19. desember 2011

Kunst i Obrestad havn

- ved hjelp av landskapet rundt, hav og skyer
har eg laga variasjonar av same motiv...
 - denne kunsten finns heilt ute i havgapet
 - på moloen som skjermar havna for det verste uværet

 - eg veit ikkje navnet på kunstnaren,
eller kva han har kalla kunsten sin.

søndag 18. desember 2011

sola skin....

Det er godt å kjenna sola varma
etter mange dager med regn og vind.
-  her på Jæren er mark og eng ennå grøne
- snøen har lagt seg på fjelltoppane lenger inne i landet 
- slik ser det ut her på Bø i dag, 
- sett frå mitt kjøkkenvindu....