fredag 29. januar 2010

Ein god dag.

Det har blitt få turar i skog og mark,
bassenget har heller ikke vore mykje besøkt
dei siste vekene.
.

I dag tok eg turen til bassenget,
optimistisk møtte eg til dobbel time
noko som vart avtalt før jul,
men som ennå ikkje har blitt gjennomført.
.
Frå første stund kjendes det godt å vera i aktivitet,
pusten var på rett plass
og kroppen samarbeida til siste slutt.
.
Så godt å kjenna at kroppen fungerar igjen,
og no gler eg meg allerede til neste time i bassenget,
på mandag.
.
God helg!

torsdag 28. januar 2010

Venter på våren....

Ute skiftar veret frå fleire plussgrader og regn,
frost og isglaserte vegar,
til sol, vind og snø på tvers.
Med andre ord
lite som minnar om vår...
.
Eg ventar på vår og mildare ver,
.
eg lengtar etter å gå på tur
utan is på vei og sti.
.
Eg lengtar etter sol
som varmar om kinn.
.
Eg ser fram til små spirer
som skal bli til blomar og strå,
til ein natur
utan vinterkåpa på.
.

Medan eg ventar
har eg anna å gleda meg over.
.
Primulaen i all sin fargerike prakt
.
er ein flott liten "medan vi ventar på vår" blome.
.
Eg vil ynskja alle ein fin dag!

mandag 25. januar 2010

Tulipaner fra.....

Har ein lese aviser eller sett Tv
dei siste vekene
har ein nok fått med seg tulipanreklamen....
.

Her om dagen så vart det min tur
til å "bita" på reklamens påvirkning.
.
Eg måtte bort å klemma på tulipanane
for å høyra den gode lyden når ein tek på dei.
Friske tulipaner skal "knirka"
det seier alltid tanta mi....

Det er flott å sjå korleis dei veks
i frå grøne knopper


korleis dei endrar farge


og foldar seg ut i all sin prakt.

enkelte heng litt med hovudet

medan andre er i full blomst
Om desse tulipanane kjem frå Amsterdam
er litt uvisst,
men sangen "Tulipaner frå Amsterdam"
minner om meg vår og blomsterenger.

fredag 22. januar 2010

Forsythia

Har vore ute i hagen og henta inn nokre greiner
av forsythia busken


ved første blikk ser ein bare fargelause og nakne greiner
Når eg såg litt meir etter


såg eg jammen grøne spirer på greinene



trass i minusgrader og vind


har busken begynt å "tenkja" på vår.


No skal greinene få stå i eit solrikt vindauga
og eg gler meg til dei gule fine blomane veks fram.



God helg.

torsdag 21. januar 2010

Tur

Etter fleire veker innomhus
kjende eg igjen lysta til å gå på tur.
Det var ein god følelse.
Sola skein, eit par minusgrader
og vinden bles friskt.

Eg har sett fram til å koma ned til havet,
kjenna sjølukt og vind.

Snø hadde lagt seg i fenner
mellom steingard og sanddyner.
På alle stier var snøen nedtrødd og blitt til is
etter all ferdsel av turfolket.


Nede på stranda
var det nesten som eit "månelandskap"


Sol og vind kjendes godt om kinn


lyden av bølgjene vart som musikk i mine øyrer,
og den lyden bar eg med meg


heilt til kråka tok over
og "sang" for meg med sin hese stemme.
......
Ein fin og god tur.
Eg var sliten etterpå,
men det var ein god trøytthet.
.......
Ha ein fin dag, alle saman.

søndag 17. januar 2010

Katteliv

Vi har to katter
dei er søstre
men ulike som natt og dag.
Som små fekk dei eit namn,
men her går dei under namnet pus.
Dei er født i Oslo
og var innekatter der eit par år,
før dei kom til Jæren
og vart vandt utelivet.

Tigerkatten, som vi ofte kaller henne
er aktiv, har rufsete pels
og vil ofte i fanget å få kos.
Denne dama er ikkje så nøye på det


og ser nesten ut som ei vaskefille
når ho strekkjer seg på golvet.

Den svarte derimot
er ei dame med stor D.


Ho oppfører seg som ei lady
og kjem svært sjeldan i fanget og ber om kos,
og tek vi henne opp
er det over etter ei kort stund.
Det hender dei viser søskenkjærlighet.


I det siste har denne dama oppdaga
at eg ofte sit ved kjøkkenbordet.
Ho kjem smygande
mjauer og går rundt føtene mine
til eg dreg ut stolen ved sida av meg.
der legg ho seg og ventar
på at eg skal sjå bort frå Pc en
og klø henne bak øyra.

Tek det for lang tid
gjev ho beskjed.
Ho skubbar hendene mine
eller gnir hovudet mot kneet mitt
for å få min oppmerksomhet...
"Dronninga" her i huset
veit kva ho vil
litt sær innimellom
og gjev beskjed når ho ikkje vil.

torsdag 14. januar 2010

Gå i hi?

Kanskje det var det ein skulle gjort,
no når kulden ligg over landet,
eksos og røyk heng lågt over by og bygd.


Eg er ein av dei som trivst best inne i desse tider
alt går i sakte tempo
og lite er overskuddet til både trening og fotografering.
Heldigvis har eg bytta vakter på arbeid,
slik at eg har ein del fri.

Snø, sol, frost - vinter
lanskapet lyser mot deg,
flott å sjå på.
Kjekt å høyra lyden frå ungane
som koser seg i bakkane,
sjå vaksne som spenner på seg skia
og tek turen over åker og eng....
....
Men eg, eg ventar på mildver og vind
som kan reinska lufta
slik at det vert bedre tider for mine luftveier.

søndag 10. januar 2010

Ogna elv, ved Hølland bru

Ein solrik og kald vinterdag
tok eg turen til søre del av kommunen.
Her renn Ogna elva forbi gardsbruka på Hølland
og gjennom Hølland bru.


Brua er ei gamal steinbru
er litt usikker på når brua vart bygd

men ei tilsvarande bru vart bygd på 1850-1860 talet.



vindskeive tre finn ein over alt på Jæren

i elva held to svaner på å dykka etter mat

store deler av elva er islagt


på andre side såg eg nokre ender

elva renn stille
gjennom eit vakkert landskap
og ender tilslutt i havet ved Ogna.