mandag 31. mars 2014

Stillhet og ro...

Vi vakner opp til nok ein fin og stille vårdag.
Det er ikkje så ofte at det er heilt vindstille på desse kantar,
men slik var det i dag.
Turen går sørover i fylket, til Egersund kommune,
litt innover i fjella.
Dei første bileta er frå Sauetjern, Kjervall
 - ein kan føla stillheten og roen når ein står her og ser utover vatnet
 - etter 4 km er vi snart ved dagens mål
Hustoftdalen
 - litt opp fra vatnet
 - ligg eit gamalt nedlagd gardsbruk
Her har vi ein stopp. 
I vindstilla og varmen frå sola et vi nista vår,
medan vi lytter til stillheten, fuglasong og bekkebrus...
 - etter kvart må vi forlate roen og freden
og ta fatt på heimturen
- snart vert stille vatn og nedlagd gard gøymt blant nakne tre...
Vi rusler vidare langs gruslagd veg,
- stillheten og roen er med oss,
det er kun lyden våre eigne steg som kan høyrast der vi går...

lørdag 29. mars 2014

Sol går ned....

Då sola var på veg ned,
kom disen sigande.
 
I løpet av kort tid
endra himmelbiletet seg frå klar sol,
til sol gøymt bak eit slør av dis
- like etter forsvann sola heilt i himmeldisen...
Eit kort og vakkert øyeblikk.

torsdag 27. mars 2014

skyer, stein og litt til.....

Området eg skal vandra i denne gongen,
er på Hå i Hå Kommune på Jæren.
Utgangspunktet er Hå Gamle Prestegard,
eit tidlegare gardsbruk, som no er ein del av Jærmuseet,
og brukt til bl.a. kunstutstillingar.
 - byggningane ligg "nesten" nede i sjøkanten
- mykje stein og fleire gravhauger i dette området
 - eg går gjennom tunet på prestagarden
 - sola er framme,
men stadig nye skyer i forskjellige fargar og formasjonar sig sakte forbi
 - hengjebrua går eg berre forbi...
 - eg rusler vidare på sør sida av Håelva
 - det like før at elva møter havet
 - mange fuglar held til her,
dei fyk opp når eg nærmar meg
 - stein, sjø, skyer
 - eg vert like fasinert kvar gong
 - eg rusler vidare på bondens utmark
 - det er vått over alt
- fine "makrell skyer" danner seg på himmelen
- tilbake ved prestegarden
 - eit siste blikk på himmelen,
før eg set meg i bilen og køyrer heim...

søndag 23. mars 2014

Skyer, steingarder og nakne tre...

Etter ein lang mørk og stormfull dag,
endra været seg brått og sola kikka fram,
- for ei kort stund....
Eg vandra ein runde på eigne tufter....
 "Jeg drømte om tusen nye veier jeg skulle gå;
jeg våknet og gikk den samme gamle"
(ukjent)
 - det er vått over alt
 - skyer og lys endra seg heile tida
 - eg vandrar vidare på gjengrodd sti
 - mellom steingardar
  og nakne tre
 - eg passerar ei gamal grind
 - rundturen på eigne tufter er snart over
 - ved inngangen til den gamle kyrkjegarden på Bø
- må eg berre gå over ein steingard før eg er tilbake der eg starta....
Ein treng ikkje reisa langt for å oppleva/sjå fine interessante ting.
Om ein berre tek seg tid til å sjå seg rundt,
så finn ein mykje vakkert i nærmiljøet og...