søndag 30. juni 2013

Kvassheim fyr - Kvalbein strand - Holmestø

I dag er utgangspunktet Kvassheim fyr.
I det vi starter er det blå himmel over oss, og vind frå nord.
 - vi går sørover frå fyret.
Skyer og lys endrer seg heile tida
 - vinden har lga eit fint mønster i sanden....
 - det går frå blått til grått - og det kjem nokre regndråpar
 - snart er det lysare igjen....
 - vi ser toppen av nausta på Holmestø,
vi er snart ved målet.
 - i det vi setter oss ned framfor eit av nausta,
vert himelen blå og sola varmar godt om kinn 
 Etter ein god matpause og prat,
startar vi returen mot fyret.
-  lys og skyer endrer seg heile tida,
og vinden hadde auka på ganske mykje.
 - det er ikkje så lett å sjå ut frå bileta, men vi sleit oss fram i motvinden
 - det var mektig og vakkert...
 - der vinden tok mest tak,
dreiv eit par karer på med surfing 
- det var sikkert ganske tungt å halda seilet oppe i vinden
 - når dei først kom utpå, fekk dei stor fart....
 - turen over stranda i motvind og "sandstorm" er over
 - siste biten går i utkanten av dyra sitt beite..
- ein fin og opplevelsesrik tur.
Vind og vær gjør turen meir innhaldsrik, 
 vi blir bare litt meir slitne - på ein god måte.

fredag 28. juni 2013

Kveldstur på Refsnes strand

Ute i havet er det lyst og sola slepp gjennom her og der
 - eg vert meir og meir fasinert av skyene over meg,
 - der eg vandrer bortover stranda
 - skyene sig sakte utover mot havet og endrar form heile tida
- ved enden av stranda snur eg, og går tilbake innenfor sanddynene.
Her er det ikkje lenger skyene som fangar oppmerksomheten min.
 - eg går ikkje lenger med hovudet mot sky, 
eg går med bøygd nakke og har nasen vendt mot jord.
 - små blomar og strå
 - finnst det over alt her
- ei fin og stille kveldstund på Refsnes strand.

søndag 23. juni 2013

På vandring langs Jærkysten, Grødaland - Nord Varhaug

Turen startar på Grødaland i Hå Kommune
- eg går igjennom Grødalandstunet, 
 - som er ein del av Jærmuseet.
 - vidare på traktorvegen ned mot sjøen.
 - denne gongen har svingar eg sørover langs Kongeveien,
og går på stiar eg ikkje har gått før.
Her finns blomar av mange slag....
 - stien går eit sykke gjennom skog
 - før landskapet igjen opnar seg
 - eg går langs bondens mark, der dyr beiter
 - eg går gjemnnom grindar
 - langs steingardar
 - gamle grindar er erstatta med nymoderne gjerde
 - skal ein vidare på Kongeveien,
må ein over gjerdeklyvaren, og fortsetja på stien på andre sida.
Eg har denne gongen ingen sjåfør som kan plukka meg opp lenger framme,
så eg snur her på Nord Varhaug...
- eg finn meg ein stein, for ein liten drikkepause.
Eg ser ut over havet som i dag er grått
 - eg nyter synet av alle fuglane som held til nede i sjøkanten,
lytter til alle fuglelydane, kjenner på vinden,
 og tek til meg av roen og freden som naturen byr på
 - snart er eg på føtene att
 - nyslått mark og vindskeive tre - vakkert
 - det er som om sola kjem litt igjennom disen,
og landskapet får litt meir farge
 - snart er eg tilbake til skogen
- Kongeveien fortsetter rett fram,
eg svingar opp til høgre
 - for å koma tilbake til utgangspunktet på Grødaland
 - eg går forbi det andre av dei to gamle Jærhusa på museet,
og er snart tilbake til parkerigsplassen.