Viser innlegg med etiketten Egersund Kommune. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Egersund Kommune. Vis alle innlegg

tirsdag 9. mai 2023

Kjervall, Egersund

på vegen innover mot det gamle tunet på Kjervall,
går vi langs Sauatjørna
det er ikkje så ofte at vi er her nå,
nå som bindeleddet mellom oss og dette området, er borte
eg trivs veldig godt her,
og må ta ein tur ein gong i blant

her er stillhet og ro
fuglesang
sauer som breker
sola varmer
vinden rusker i mitt hår




det gamle tunet på Kjervall
var i mange år, eit samlingspunkt for oss.
Sjølv om bindeleddet er borte,
har vi fått lov å bruke plassen så ofte vi vil
eg kjenner meg litt "heime" når eg er her
mange gode minner kjem fram

Ingen veit når vi finn veien tilbake,
men ein dag er vi der igjen....
Ha ein fin dag der du er.

torsdag 10. mars 2022

Kjervall, Egersund Kommune

Eit av dagens mål er det nedlagde gardsbruket på Kjervall.
Garden(i dag hytte) ligg i eit mykje brukt turområde,
 litt søraust for Egersund.
Medan dei som treng transport heilt inn bruker bilen,
går eg siste biten, frå Sauatjørna
her er litt is på vatnet
Kjervallveien svinger seg langs vatnet,
seinare mellom berg og tre

det er stillhet og ro som rår




dagens mål
dei andre er allerede ferdig med kaffi og kaffimat
når eg kjem ruslande

eit fint lite tun,
på ein fin plass
vi har alle hatt mange gode stunder på dette tunet,
men når det viktigaste knutepunktet har fallt frå,
så blir det ikkje lenger så ofte
at vi tek turen hit.
Det er gildt å vera tilbake,
sjølv om vi føler oss litt meir framande no.

tirsdag 29. juni 2021

Tur til Eigerøy fyr

I kald nordavind 
tok vi turen utover til Egerøy fyr
første del (ca 1 km) av turen går langs berg og vatn
oppover og nedover på gruslagd vei

sauer og kyr beiter langs veien

siste biten (ca 700 m) av turen går på stier
mellom tuer og berg,
Store deler av tida 
er det tilrettelagt over våte og sorpete områder

fyret er 32,9 meter høgt
fyret vart avfolka og automatisert i 1989

vi fann litt live for nordavinden,
der vi hadde ein kort rast


ein fin tur for store og små