mandag 29. november 2010

korleis vart pengegåvene brukt?

I februar/mars 2010
var det jordskjelv i området sørvest for Santiago.
Nokre av Debra Chile sine pasientar vart ramma
og det vart sendt ut ei bønn om hjelp
til debra foreningane rundt om i verda.
Ein av dagane vart det arrangert ein tur til jordskjelvområdet
for å sjå korleis pengane var brukt.
Vi besøkte to familiar.
.
Vi køyrde mil etter mil før vi kom inn i området
og vi passerte mange øydelagde hus, på vegen til våre mål.
.

Her i enden av denne bygningen bur den eine familien
i lag med andre slektningar.

Denne familien mista alt i jordskjelvet.

.

Dei har kjøkkenkrok og ei lita stove.
.

veslejenta har fått gåver
.
Denne vesle familien skal snart flytta inn i nytt hus,
ein slektning har gitt dei eit jordstykke til å ha huset på.
.
det nye huset har to soverom, bad og kjøkken
og mangler berre straum og vatn før det er innflyttningsklar.
.
kjøkkenet er lyst og lett.
Dei skal seinare få eit tilbygg,
ei stove bygd slik at det vert forbinnelse
mellom kjøkken og resten av huset - utan at dei må gå ut.
.
.
Familie to bur i eit lite husvære
huset har opningar, men ingen vindauga eller dører
.
dei har stove, kjøkken og eit soverom.
.
kjøkkenet
.
stova
.
det denne familien trong aller mest, var eit bad til å stelle veslejenta på.
Badet er bygd som eit hus på sida
.
er lyst og lett, har innlagd vatn,
og har god plass til det som trengs for den vesle jenta.
.
Hos begge familiane vart vi ønska velkomne
med kake og brus på bordet.
Den eine ville sågar at vi 9 gjestene skulle eta lunsj med dei.
Heldigvis, tykkjer eg, kunne vi sei at vi ikkje hadde tid pga neste fanilie som venta på oss.
Familien sende då med oss ein stor pose med nysteikte rundstykkje,
som niste til resten av turen....
.
Eg er takksam for at eg fekk anledning til å vera med på denne turen,
det eg såg har sett sine spor, og mange tanker går tilbake til dei to små familiane.
.
Ein vert tom for ord når ein tenkjer på all fattigdomen rundt om i verda,
men samtidig så har eg sett at berre litt, kan vera til stor hjelp for den som får.
.
Eg vil ynskja alle ei fin adventstid.

lørdag 27. november 2010

Vintersol går ned....

Eg tok meg ein liten luftetur på Hå,
i det sola var på veg ned i havet.
I 5 minusgrader og vind
vart det ein frisk tur.
.

Obrestad Fyr
.
delt stein
.
strå ved stein
var noko av det eg såg på min korte tur
.
medan sola går ned
.
og mørket sig på.
.
Eg vil ynskja alle ei fin adventstid.

fredag 26. november 2010

Valparaiso

Med leigd bil og sjåfør
sette vi kursen vestover.
Vi trudde vi kunne bestemma ruta sjølv,
men det var visst ikkje heilt slik.
Vi hadde bestillt tur til Valparaiso
og sjåføren hadde då tenkt ut sin eigen tur.
Sjåføren stoppa undervegs
på lokale stader, restaurant osv
etter kvart oppdaga vi
at det var stadar han sikkert hadde avtalar med...
.
Turen vestover gjekk gjennom dalar
her Casablanca vindistikt.
.
vegkantane var fulle av gule blomar
.
Valparaiso er ein av Sør Amerikas største havnebyer.
Me gjorde ein kort stopp nede i havna,
og fekk nokså snart spørsmål om å vera med på båttur.
.
Eit av våre mål i byen,
var denne vesle banen
som går opp til ein liten del av byen,
der det finns fargerike små hus.
.
Planen var å gå i gatene og kikka på desse husa,
men sjåføren var visst redd for at vi skulle gå oss bort, eller....
Han slapp oss av nede
og stod ved toppen og venta på oss...
.
Det vart tid til å nyta utsikten
.
og kikka litt i salgsbodene på toppen.
.
- ei av dei andre ba om å få sjå nærare på eit spesielt hus
.
medan mitt turfølgje tok runden inne,
.
fekk eg anledning til å sjå på livet i hagen
.
- og sjåføren... jau, han trippa rundt og bare venta....
.
Ferda går vidare til hav og strand,
det er tid for lunch og me vert losa inn på ein restaurant
som serverer chilensk mat.
.
Før vi dreg heim att
er det rom for ein spasertur på stranda.
.
Stranduren vart kortane enn me i utgangspunktet hadde sett for oss,
men det gjorde ingenting,
kald vind frå vest og kald sjø
gjorde at det hadde ikkje blitt noko bading på oss uansett.
.
Om dagen og rundreisa ikkje vart heilt som vi hadde sett for oss
så fekk me likevel ein flott og interessant tur,
sjølv om det meste vart sett frå innsida av bilen.
Sjåføren hadde gode kunnskapar
og viste oss mange ting vi nok ikkje hadde fått sett på eiga hand.
Dei 20 mila tilbake, var det nok innsida av øyelokket vi såg mest på ......

mandag 22. november 2010

Los Dominicos

Kort tid etter ankomst
møtte eg mine to venninner, frå Kroatia og New Zealand.
Dei var mitt selskap dagane før konferansen
og vi hadde fleire utflukter saman.
.
Santiago er ein travel og folkerik by,
og når me bestemte oss for å besøka eit marked
såg vi for oss ein stad med folk i kø.
.

Markedet Los Domincos ligg i eit rolegare strøk
og er nesten som ein by i byen.
.
små koselig hus, smale gater
.
i desse husa haldt dei til med arbeidsplass og butikk
.
innimellom var det planta blomar og tre.
.

Vi gjekk her og vandra ei roleg kveldstund
såg på alt det flotte som dei laga.
.
Stillhet og ro prega dette markedet
vi var langt ifrå åleine, men det kunne nesten følast slik.
.
utafor husa
.
eller i vindauga
.
var det mykje fint handarbeid
.
det meste av god kvalitet
.
vi fekk oss ein god latter når vi oppdaga desse figurane
.
og såg for oss "våre" legar/tannlegar -som deltok på konferansen
(nokre av våre pasientar må amputera, andre har store problem med tenner)
.
tønnemakeren var i full sving med sitt arbeide
.
her fanns det meste, glas, keramikk, sølv, strikking, veving, treskjæring
bare for å nevna noko.
.
sola er i ferd med å gå ned då vi forlet denne flotte plassen
for å køyra tilbake til hotel og pratestund i hotelhagen.