lørdag 29. september 2012

Haust ved Nordbytjern, Jessheim

 Etter ein kort flytur,
landa eg på Gardemoen i tjukk tåke.
Når eg kjem fram til hotellet, har tåka begynnt å letta.
Like ved hotellet er det eit fint turområde,
eg er snart på tur med kameraet.
Det tek ikkje lang tid før eg finn flotte motiv 


- eg rusler nedover stien, mellom høge tre
 - nede ved Nordbytjern, ligg tåka grå over vatnet
 - fleire av trea har fått flotte haustfarger på
 - sola kjem gjennom tåkelaget, sånn midt på dagen
- då går eg same turen ein gong til
 - nede ved Nordbytjern
 - er fargane no klare og fine
- eg rusler tilbake til hotellet,
og er klar til å ta fatt på oppgavene som venter.

torsdag 27. september 2012

Ein liten rundtur i Toronto, Canada

Eg startar denne rundturen med båttur på Ontario Lake.
Frå vatnet ser ein inn på alle høghusa i byen.
- båtturen går rundt Ontatio Island,
øya der ein ikkje kan kjøra med bil
- her finns mang ein roleg og stille plass 
 - nesten over alt ser ein CN tower.
- Tårnet som rager 533 moh
- oppe i tårnet - vi var på 346 moh- ser ein utover byen.
Vi budde på dette hotellet - det har "kun" 19 etasjer.
Her budde vi saman med kongelige og filmstjerner.
- sola kikka såvidt fram, når vi var oppe i tårnet.
- det er stor byggjeaktivitet i Toronto.
Høge hus, treng lange byggjekraner....
 - mange av husa har glassfasader,
og ofte såg vi at dei var som spegler
- her ser vi trikken på veggen av eit museum
- denne gamle bygningen speglar seg i eit av høghusa
- alle desse vindusrutene må haldast reine,
dei har litt av ein jobb, dei som har valgt det yrket.
- vi hadde eit stopp ved Casa Loma.
Slottet vart bygd mellom 1911 -1914, slottet har 98 rom med høg standard
 - slottet er omkransa av ein flott hage

 - det går mot kveld og sola er på veg ned.
- nede på gata er det nesten mørkt,
men ein kan sjå sola skin på toppane av nokre av høghusa.
- det borterste huset skin som gull,
ja, det er faktisk gull i vindusrutene....
- Toronto er ein flott og spanande by.
Eg kunne nok tenkt meg å brukt fleire dagar her....

søndag 23. september 2012

Kveld ved Sele havn

Ein fin og solrik haustdag er snart over.
Sola er på veg ned i havet og mørkret kjem sigande,
og månen står allerede høgt på himmelen...
- ute i horisonten ligg skyene innhylla i lyset frå sola
- Feistein fyr
- himmelen i vakre farger
- det er like før sola går i havet
 - det er kjølig i lufta, hausten er på vei....

lørdag 22. september 2012

Sola og Rege strand....

Det har vore ein solrik og fin haustdag på Jæren.
- Sola strand
 - eg tok turen til dei to strendene som grenser mot kvarandre,
Rege og Sola strand i Sola kommune.
 - dei fleste bileta er tekne ved og rundt naustet som ein finn på Rege strand
- ein fin tur i solskinet.....