torsdag 30. september 2010

Hanabergmarka

Blå himmel og store kvite skyer
slik var det når eg starta turen i dag.
.
4 kvite gjess kom springane mot meg
å, du så snakkesalige dei var.... eller svoltne..
.

dei høyrer til på Kviagarden,

som er ein del av Jærmuseet og vitensenteret her

Eg fortset ned til Hanabergsmarka

.
- langs steingardar
.
- gjennom ein liten skogdott
der fleire skuleklassar var i full aktivitet i hinderløypa
.

- og vidare på grusveg
.
herifrå er det liten variasjon
- stein på stein spreidd utover eit meir eller mindre flatt beiteområde
.

- skyene endrar seg
vert fleire og mørkare
.
i denne skya såg eg eit stort hjarta
.

enkelte skyer "hang nesten" nedpå bakken....

.

Ein fin og forfriskande tur i eit lett turterreng.

onsdag 29. september 2010

Tur langs sjøen

Sola var på veg opp
då eg i dag føremiddag fyllte vannflaska
for å gå ein tur langs sjøen.
.

- turen starta i Bodle og eg går sørover på Kongevegen...

.


Jæren er rik på stein, det viser igjen på alle steingardane rundt om
- her har dei og brukt stein som byggjemateriale til båthusa.
.

- eg går vidare på traktorveg og sti

.
forbi Varhaug gamle kyrkje
.

- den vesle kykja ved havet, med plass til 14 personar.
.
- eg går langs steingard
.
og grøne marker, og snur ein stad på grusvegen.
.
- stein på stein,
som ein gong vart henta opp frå åker og eng med handamakt,
for at bonden skulle få mest mogleg jord til å dyrka på
.
- dyra går på beite, på sjølvaste Kongevegen....
.
- høg himmel, sol frå nesten skyfri himmel
og litt vind om kinn....

kunne nesten tru at dyra her
har starta med "attåtnæring"
og leitar etter småkrabbar mellom steinane....

tirsdag 28. september 2010

Haust på mine tufter 2

Når ein ser utover gardsbruket vårt
er det lite haustfargar å sjå
.
- men åkrane er snaue
og det meste av graset er kome i hus
.
- blomar og blad er begynt å visna
.
- rognebær finns det ein del av
.
- somme tre er allereie tome for blad
.
- nokre blomar nyt ennå godt av varmen frå sola
.
- ville bjørnebær som treng litt meir modningstid
.
-dyra går framleis på beite
.
- forpaktaren er i ferd med å få siste rest av 3. slåtten i hus...
.

Slik ser det ut på mine tufter, ein haustdag i slutten av september.

mandag 27. september 2010

Kveldstur på stranda

I kveld vart det tur på stranda
.

- i kveldsol og vindstilla
.
- bølgeskvulp og tarelukt
.
- vakre fargar på himmelen
.
- ein nytelse for kropp og sjel
.

God kveld!

Haust på mine tufter 1

Det er haust i lufta
kalde klare morgoner
og naturen endrar farge...
.
- eg har sett litt på haustendringane på mine tufter
.
- sånn stort sett ser det meste grønt ut,
.
men ser ein litt nærare
.
finn ein klare teikn på haust her og
.
- her på Jæren har det vore utruleg vindstille
dei siste dagane
.
regndråpane vert verande på blomar og blad
.
som små glassperler
.
Sjølv på den stillaste dagen på Jæren,
bles det vekk ei høne...
dette ordtaket kan umulig har blitt til
på slike flotte dagar som her er no.
.
Ha ein fin dag.